Politiattest i frivillige organisasjoner

Idrettslag og andre frivillige organisasjonar kan krevje politiattest frå personar som gjer oppgåver i laget.

Dette gjeld dersom personen det er snakk om skal ha oppgåver i organisasjonen som inneber at vedkommande får tillit hos og ansvar for mindreårige eller personar med utviklingshemming. 

Formålet med ordninga er å sikre at fritidsaktivitetar er trygge for alle born og unge. Politiattesten inneheld opplysningar om ein person tidlegare er sikta, tiltala, har fått førelegg, eller er dømd for brot på straffelova sine bestemmingar om seksualforbrytingar. 

Krev organisasjonen politiattest, bør det gjerast kjend når stillinga vert lyst ut. Organisasjonen bør peike ut ein person med ansvar for å hente inn politiattestar. Den ansvarlege har teieplikt.

Oppbevaring/framsyning av politiattest hos mottakaren

I fylgje politiregisterforskrifta § 37-2 gjeld fylgjande for oppbevaring av politiattestar:

Politiattesten skal oppbevarast utilgjengeleg for uvedkomande. Den kan oppbevarast så lenge det er naudsynleg for føremålet med politiattesten, men ikkje etter at vedkomande sluttar i stillinga som ga grunnlag for vandelskontrollen. Politiattestar som ikkje lenger trengs for å opplylle føremålet, skal slettast. Offentlege mottakarar skal slette politiattesten i samsvar med § 16-2 annet ledd nr. 2. 

Også i personopplysningslova § 28 står det at det er forbudt å lagre unødvendige personopplysningar. Hvis ikkje personopplysningane skal oppbevarast i henhold til arkivlova eller anna lovgiving, skal dei slettast.

Norges Idrettsforbund har informasjon på sine nettsider om bruk av politiattest for idrettslag tilknytta dei. På sida står mellom anna følgjande:

 "Fremvisning av politiattesten. Etter at politiet har behandlet søknaden, blir attesten sendt til søkeren selv. Når politiattesten er mottatt, skal denne fremvises for den i idrettslaget som er ansvarlig for politiattester. Vedkommende skal nedtegne opplysninger om hvilke personer som er avkrevd politiattest, at attesten er fremvist og dato for fremvisningen. Selve attesten beholdes av søkeren".

Kontakt

Om du har spørsmål eller ynskjer råd om politiattestar i idrettslag, kan du ta kontakt med Politiet via .