Personallister med fødselsnummer

Skatteetaten stiller krav om føring av personalliste for serveringsstader, frisørar og skjønnhetspleiarar, samt bilverkstader og bilpleiebransjen. Personallistene skal innehalde fødselsnummeret til dei ansatte.

Formålet med reglane om personallister er å motverke svart arbeid. Arbeidsgivarane må kunne leggje fram personallista når Skatteetaten ber om det.

Arbeidsgivarane må lage ein rutine som på ein forsvarleg måte løyser behovet for informasjonstryggleik(sikkerheit). Fødselsnummeret må ikkje ”liggje og slengje” ope tilgjengeleg på arbeidsplassen.

Som ei løysing på sikker oppbevaring av fødselsnummer tilrår Skatteetaten at arbeidsgivaren erstatter fødselsnummeret med ein kode, og at kodelista blir oppbevart i tilknyting til personallista.

Les meir om krav til føring av personallister på skatteetaten.no.

Les også

Fødselsnummer er et unikt identifiseringsnummer som alle mennesker som blir født eller som bosetter seg i Norge blir tildelt av staten. Nummeret regnes ikke som en sensitiv personopplysning og er ikke taushetsbelagt.