Gjenbruk av personopplysningar krev samtykke

Ei verksemd som hentar inn personopplysningar om tilsette til eit bestemt formål kan ikkje bruke opplysningane til formål som er i strid med det første, utan å be om samtykke. Dette blir understreka i ein dom frå Høgsterett.

I januar 2013 avsa Høgsterett dom i ei sak om firmaet Avfallsservice AS. Firmaet hadde opphavleg teke i bruk eit GPS- og navigasjonssystem i køyretya sine for å effektivisere drifta av verksemda. Opplysningar frå GPS-systemet om kor ein tilsett var til ei kvar tid blei samanstilt med den tilsette sine innleverte timelister. Det blei gjort for å kontrollere om sjåføren ulovleg hadde fått overtidsbetaling. 

Høgsterett konkluderte med at samanstilling av opplysningar om dei tilsette til kontrollformål var eit brot på personopplysningslova. Kontrollformålet er i strid med det som opphaveleg var formålet med å hente inn opplysningane, nemleg effektivisering av drifta.

Gjenbruk krev informasjon og samtykke

Dommen får verdi for korleis Datatilsynet tolkar og handhevar personopplysningslova i framtida. I dommen konkluderte Høgsterett med at gjenbruk av personopplysningar til kontrollformål ikkje kunne dekkast av det opphavlege formålet. Mellom anna var det sentralt i vurderinga at den tilsette ikkje hadde blitt godt nok informert om at opplysningane frå GPS-systemet skulle brukast til ein slik kontroll. Verksemda skulle derfor ha innhenta samtykke frå dei tilsette, for at samanstillinga skulle ha vore lovleg. 

Kravet om samtykke representerer ei skjerping av vilkåra for gjenbruk av personopplysningar. 

Kan ikkje gjenbruke opplysningar til kontroll

Når ei verksemd skal innhente samtykke til å behandle personopplysningar, blir det stilt krav til at dette skal vere frivillig for den det gjeld. I arbeidslivet vil høvet til å gi eit frivillig samtykke ofte vere svært avgrensa fordi det er eit avhengnadsforhold mellom arbeidstakar og arbeidsgivar.

Ein arbeidstakar kan ofte kjenne seg tvinga til å gi samtykke, og det gjeld særleg når arbeidsgivaren ønskjer å bruke personopplysningar til å kontrollere arbeidstakaren. Høvet for arbeidsgivaren til å gjenbruke personopplysningar vil derfor vere svært avgrensa, ettersom det no blir krav stilt om innhenting av samtykke. 

Les mer

Arbeidsgivere som tar i bruk elektroniske sporingsenheter i sine kjøretøy må oppfylle visse plikter. Som arbeidstaker bør du også vite hvilke rettigheter du har.