Samtykke

Når verksemder handsamar personopplysningar, skal dei i størst mogleg grad basere det på samtykke. Det inneber at du godtek at verksemda behandlar personopplysningar om deg.

Dersom ei verksemd handsamar personopplysningar utan å ha henta inn samtykke, må ho ha eit anna rettsleg grunnlag. Det gjeld til dømes når offentlege verksemder handsamar opplysningar om deg ved ilegging av skatt, eller ved utbetaling av trygd. 

Samtykke etter dei nye personvernreglane

Det danske Datatilsynet har laga ei rettleiing om Samtykke etter dei nye personvernreglane som trer i kraft 25. mai. 2018.

Les rettleiinga her.

Samtykket skal vere informert

For at eit samtykke skal vere gyldig, må det vere informert. Det inneber at du har fått informasjon som gjer at du kan forstå kva du samtykker til, og kva for konsekvensar det vil få for deg.

Informasjonen du får bør omfatte:

  1. namn og adresse på verksemda som er ansvarleg (behandlingsansvarleg)
  2. kva opplysningane skal brukast til
  3. om opplysningane skal leverast ut til andre, og i tilfelle til kven  
  4. om det er frivillig å gi frå seg opplysningane
  5. det du treng for å kunne nytte rettane dine, slik som å krevje innsyn i - eller få retta eller sletta - opplysningane som er lagra
  6. kor lenge personopplysningane vil bli handsama eller tekne vare på
  7. stadfesting på at du når som helst kan trekkje samtykket ditt tilbake

Samtykket skal vere frivillig

Det skal vere frivillig for deg å samtykke.

Nokre gonger kan det vere vanskeleg å vite om samtykket er frivillig eller ikkje. Eit døme på dette er når ei verksemd krev samtykke til å handsame opplysningar om deg for å tilby deg ei teneste, eller å tilsetje deg. Om du vil ha tilbodet - til dømes forsikringa eller stillinga - så må du gi samtykke til at personopplysningar blir handsama.

Om samtykket er frivillig eller ikkje, må avgjerast i kvart enkelt tilfelle: Kva blir det spurt etter? Kor belastande vil eit samtykke vere for deg? Er konsekvensane uforholdsmessige om du ikkje samtykker?

Samtykket skal vere uttrykkeleg

"Uttrykkeleg samtykke" inneber at du skal gjere ei aktiv handling for å gje samtykke. Eit døme er at du må sende inn ein svarslipp, setje eit kryss i eit skjema, eller gjere eit tasteval.

Du kan gi samtykke munnleg eller skriftleg, elektronisk eller på papir. Det er den som mottek samtykket ditt som klart og tydeleg må kunne vise:

  1. at du har gitt samtykke
  2. kva for handsamingar du har gitt samtykke til
  3. kva for nokre verksemder samtykket er gitt til

Det er, naturleg nok, lettare for verksemda å sannsynleggjere at du har gitt samtykket, om du har gjort det skriftleg, enn om samtykket berre er gitt munnleg.

Kor lenge gjeld samtykket?

Eit samtykke gjeld til det blir trukke tilbake. Det gjeld også om foreldre gir samtykke på vegne av barn under 18 år. Då gjeld samtykket også etter at barnet er myndig og sjølv kan samtykke.

Du kan og gi samtykke som gjeld for ein viss tidsperiode. I slike tilfelle gjeld ikkje lenger samtykket når perioden er over.

Samtykke og helseopplysningar i pasientjournal

Kravet om at samtykket skal vere "uttrykkeleg" kan i visse tilfelle bli oppfyld ved det vi kallar "konkludent åtferd". Det vil seie at vala du tar indikerer at du forstår at opplysningar om deg vil bli registrerte. Eit døme på dette er når du går til legen. Då reknar ein med at du er innforstått med at legen har plikt til å dokumentere den helsehjelpa han eller ho gir.

Unnataka frå konsesjonsplikt for handsaming av pasientopplysningar

Vanlegvis må verksemder ha konsesjon frå Datatilsynet for å handsame sensitive personopplysningar. Det er likevel unntak frå konsesjonsplikta ved handsaming av helseopplysningar i samband med helsehjelp og oppfølging av pasienten. Dette går fram både av pasientjournallova og personopplysningslova.

Retting og sletting av opplysningar i pasientjournal

Du kan krevje at opplysningar i journalen blir retta eller sletta. Dette står i helsepersonellova.

Dersom du ønskjer å få retta eller sletta opplysingar i pasientjournalen din, må du be den institusjonen som er ansvarleg for din journal om dette. Dersom du ikkje får medhald der, kan du klage til Fylkesmannen. Fylkesmannen vil be om ei vurdering frå Datatilsynet før dei fattar vedtak i saka. 

Spesielt om samtykke

For å behandle personopplysninger, må man ha et lovlig grunnlag. Det kan for eksempel være gyldig samtykke. Man kan også behandle personopplysninger dersom man har hjemmel i lov.

Skal barnehagen, skolen, virksomheten eller organisasjonen ta eller dele bilder av barn? I så fall må dere ha gyldig samtykke. Her er noen tips og stikkord til hva en samtykkeerklæring bør inneholde.

Det er viktig å kjenne reglane for innhenting og bruk av barn og unge sine personopplysningar, både på internett og i andre samanhenger. Her er nokre retningslinjer.

Når samtykke innhentes elektronisk ved forskning må det tas særlige hensyn for å sikre respondentenes personvern. Her er Datatilsynets anbefalinger for dette.

Spørsmål og svar

Spørsmål og svar om samtykke