Lurer du på kvifor ei privat eller offentleg verksemd behandlar personopplysningane dine eller kva for nokre opplysningar dei har lagra om deg? Då kan du nytte innsynsretten din.
Lurer du på kvifor ei privat eller offentleg verksemd behandlar personopplysningane dine eller kva for nokre opplysningar dei har lagra om deg? Då kan du nytte innsynsretten din.
Les denne artikkelen på bokmål
Innsynsretten betyr at du kan spørre ei verksemd om korleis opplysningane om deg vert nytta og at du kan be om å få vite kva for nokre opplysningar dei har lagra om deg.
Nederst i artikkelen har vi lagt eit skjema som du kan nytte dersom du vil be om innsyn eller ha meir informasjon.
Dersom verksemda har opplysningar om deg, har du rett til å stille desse spørsmåla:
Dessutan kan du be om å få ein kopi av alle opplysningane dine – også elektroniske spor, metadata og kva profilar du er tildelt. Dersom du ber om kopien elektronisk, skal kopien også vere elektronisk og i eit vanleg filformat. Verksemda skal gje deg innsyn utan ugrunna opphald og normalt seinast innan ein månad.
Mange tek kontakt med Datatilsynet fordi dei har spørsmål om korleis personopplysningane deira blir behandla. Dette må verksemdene sjølve svare på. Retten til innsyn sikrar at du får svar på spørsmåla dine.
Ved å be om innsyn kan du òg bli merksam på feilaktige opplysningar om deg sjølv og i verste fall lovbrot. Dette er altså ein reiskap som gjev deg høve til å følgje med sjølv på kva som skjer med dine opplysningar.
Nokre gonger kan det vere overraskande å sjå kor mange opplysningar verksemder lagrar om deg. Å ha innsikt i kva opplysningar dei lagrar, kan gjere deg i stand til å ta informerte val om kva for tenester du ønskjer å nytte.
Å nytte innsynsretten skal vere gratis. Dersom du ber om meir enn ein kopi, kan verksemda likevel ta eit rimeleg administrasjonsgebyr. Dersom det har gått tid sidan sist du ba om kopi, og det er grunn til å gå ut frå at verksemda no behandlar fleire eller andre personopplysningar enn sist, kan du be om ein ny, gratis kopi.
Ved krav om innsyn som er klart grunnlause eller overdrivne, kan verksemda nekte å gje innsyn eller krevje eit rimeleg administrasjonsgebyr. I desse tilfella er det verksemda som må vise kvifor kravet er grunnlaust eller overdrive. Hovudregelen er framleis at du har rett til innsyn utan grunngjeving.
Nokre gonger kan ei verksemd nekte deg innsyn. Innsynsretten gjeld ikkje dersom:
Dersom ei verksemd nektar deg innsyn, skal du ha skriftleg grunngjeving utan ugrunna opphald og normalt seinast innan ein månad. Verksemda må òg gje presis tilvising til kva for ein unnataksheimel som er nytta, altså kvifor du ikkje får innsyn.
Vi har laga eit skjema som du kan nytte når du ønskjer informasjon om eller innsyn i personopplysningar ei verksemd har om deg. Skjemaet er meint brukt når du ber om innsyn etter personopplysningslova, og kan nyttast enten du vil vite meir om opplysningar som er lagra om deg sjølv, om barna dine, eller nokon du handlar på vegne av:
Alle virksomheter har plikt til å legge til rette for at registrerte personer får oppfylt rettighetene sine på en enkel måte. Det skal som hovedregel gjøres uten kostnad for den det gjelder og innen en måned.