Korleis lage atferdsnorm?

Fordelar ved å slutte seg til og etterleve atferdsnormer

Fordelar som er nedfelt i regelverket

Forordninga inneheld reglar som gir formelle fortrinn for ei verksemd som har slutta seg til – og faktisk etterlever – ei atferdsnorm:

  • Forenkla personvernkonsekvensvurdering
    Når ein utfører ei personvernkonsekvensvurdering skal det «tas behørig hensyn til (…) overholdelse av godkjente atferdsnormer» (artikkel 35 nr. 8). Dette vil dermed forenkle konsekvensvurderinga og gjere det lettare å slå fast at ein personvernrisiko er akseptabel.
  • Påvising av etterleving av forordninga
    Atferdsnormer kan brukast som ein faktor for å påvise at den handsamingsansvarlege sine plikter vert fulgt (artikkel 24 nr. 3). Det gjeld ein liknande regel for databehandlar ved at atferdsnormer kan brukast som ein faktor for å påvise at det finst tilstrekkelege garantiar for etterleving av forordninga sine krav (artikkel 28 nr. 5).
  • Formildande omstende ved vurdering av bot
    Etterleving av atferdsnormer er eit element i Datatilsynet si vurdering av om det skal bli gitt bot og kva for storleik denne eventuelt skal ha (artikkel 83 nr. 2 bokstav j).
  • Lettare å overføre data til verksemder utanfor EU som etterlever atferdsnorma
    Verksemder i land utanfor EU kan binde seg til ei allmenngyldig atferdsnorm (artikkel 40 nr. 3), og dersom tilleggsvilkåra i artikkel 46 nr. 2 bokstav e er oppfylt, kan dei utgjøre naudsynlege garantiar for overføring av personopplysingar til tredjestatar.

Andre fordelar for verksemdene

I tillegg til dei regelfesta fortrinna ovanfor, er det andre fordelar for verksemder som sluttar seg til atferdsnormer.

  • Ein kan forholde seg til reglar som er meir konkrete og detaljerte enn reglane i forordninga, i staden for sjølv å måtte tolke og operasjonalisere kva som ligg i forordninga sine krav. 
  • Ein kan kjenne seg rimeleg trygg på at ein etterlever forordninga. Dette bør ikkje minst vere fordelaktig for mindre verksemder, slik intensjonen i forordninga også er.
  • Atferdsnormer kan bidra til å utjamne konkurranseforhold ved at verksemdene i bransjen har dei same standardane for personvern.
  • Ein vil, som deltakar i eit bransjesamarbeid, kunne diskutere og påverke korleis bransjen skal innrette seg etter forordninga.
  • Bransjesamarbeid kan potensielt tilby tenester ut over sjølve norma, til dømes rettleiing og bistand i personvernspørsmål og teknologi.
  • Ein kan, overfor registrerte og andre kundar, vise til at ein etterlever eit regelverk som er godkjent av Datatilsynet.

Fordelar for dei registrerte

Atferdsnormer inneber også fordelar for dei registrerte, altså privatpersonar.

  • Atferdsnormer skal styrke personvernet generelt i aktuelle bransjar.
  • Ein kan i større grad kjenne seg trygg på at ei verksemd som er tilslutta ei atferdsnorm, faktisk etterlever personvernregelverket.
  • Formelt godkjente atferdsnormer gjer det lettare å navigere som kunde.