Høyringssvar om endringar i forvaltningslova

Datatilsynet har kome med høyringssvar til eit forslag frå Justis- og beredskapsdepartementet der det er foreslått utvida tilgang til deling av informasjon i forvaltninga. Forslaget har etter vår vurdering fleire svakheiter.

Kort fortalt går forslaget ut på at informasjon skal kunne delast mellom forvaltningsorgan dersom mottakarorganet har sakleg behov for informasjonen. Dette er ei klar endring av dagens regelverk.

– Vi meiner forslaget har ei grunnleggjande svakheit ved at det organet som sit på informasjonen skal vurdere om mottakarorganet har behov for opplysningane, sier juridisk seniorrådgivar Susanne Lie. – Vi antar at dei som har informasjonen ofte ikkje vil kjenne mottakarorganet sine oppgåver og behov i detalj, og det vil difor bli vanskeleg å skulle overprøve deira vurderingar av eigne behov.

Må vere naudsynleg informasjon

Etter forslaget vil informasjon bli sett på som naudsynleg dersom mottakarorganet har eit saklig behov for den. Datatilsynet meiner at begrepa "naudsynleg" og "sakleg behov" ikkje kan sidestillast.

– Slik vi ser det kan forslaget medføre at det vert henta inn meir informasjon enn det som eigentleg er naudsynleg, altså overskuddsinformasjon. Vi har difor peikt på at det grunnleggjande kravet om at informasjon skal være naudsynleg etter personvernregelverket vil gjelde uavhengig av kva som gjeld etter forvaltningslova, understrekar Lie.

Alle inngrep i personvernet skal ha samhøve

Departementet har foreslått konkrete tiltak som skal kompensere for personvernulempen ved auka informasjonsdeling. Mellom anna er det foreslått at deling av personopplysningar ikkje kan skje dersom det er ikkje er samhøve (forholdsmessighet), og lovforslaget inneheld konkrete moment det skal tas omsyn til i vurderinga av samhøvet.

Datatilsynet har understreka at alle inngrep i privatlivet skal ha samhøve, uavhengig av om det går direkte fram av forvaltningslova. Vi stiller oss likevel positive til ei lovfesting og operasjonalisering av vurderinga.

Informasjonsplikt ved deling av informasjon

Departementet har i tillegg foreslått å lovfeste ei plikt til å informere den registrerte dersom deling skjer for føremål som ikkje kan foreinast.

– Vi meiner at informasjonsplikta skal gjelde også ved deling for samme eller foreinlige føremål. På denne måten kan dei registrerte halde oversikt over kor opplysningane om dei sjølve er, og det vil sette dei betre i stand til å nytte rettigheitene sine til innsyn, retting, sletting og liknande, seier Lie.

Les om høyringa og finn fleire høyringssvar (regjeringen.no)

Last ned