Nei til elevregister

I 2017 sette regjeringa ned eit utval som skulle sjå på skilnaden mellom kjønn i skuleprestasjonar og utdanningsløp, samt foreslå tiltak for å motverke slike skilnadar. No er utgreiinga komen, men Datatilsynet meiner forslaget om å etablere eit nasjonalt elevregister er dårleg fundert og at det har personvernkonsekvensar som langt overskrid ei eventuell nytte.

Forslaget, «NOU 2019: 3 Nye sjanser – bedre læring», er lagt fram av Stoltenbergutvalet, og eit av hovudfunna er at kunnskapsgrunnlaget for å seie noko sikkert om kvifor det er skilnadar mellom gutar og jenter er for dårlig. For å bøte på dette, foreslår utvalet at det vert etablert eit nasjonalt register for personeintydige forløpsdata for barnehagar og grunnskoleopplæringa. Registeret skal forvaltast av Statistisk sentralbyrå (SSB) og skal kunne koplast til andre datakjelder gjennom heile livsløpet. Behandlinga av personopplysningane skal ikkje vere basert på samtykke.

Særs mangelfull kompetanse om personvern

- Stoltenbergutvalet demonstrerer ein særs mangelfull kompetanse om personvern, seier Eirin Oda Lauvset, seniorrådgivar i Datatilsynet. - I den grad personvern er nemnt, er det einsidig knytt til informasjonssikkerheit og risiko for at personopplysningar kan kome på avvegar.

Personopplysningsvern dreier seg først og fremst om i størst mulig grad å sjølv ha råderett over eigne opplysningar, reell balansering av ulike interesser og garantiar for å ta hand om dei registrerte sine interesser når det er offentlege myndigheiter som avgjer at det skal registrerast personopplysningar. Dette er helt grunnleggjande element i personopplysningsvernet, men er ikkje nemnt med eit ord i utredninga.

Verken forholdsmessig eller eigna

Når myndigheitene kjem med forslag som vil medføre inngrep i enkeltpersonar sine rettar og deira fridom, må forslaget vere både forholdsmessig og eigna til å løyse det problemet som det er meint å løyse. Utvalet meiner at det å opprette eit permanent register som inneheld sensitive personopplysningar om heile den norske befolkning, er ein føresetnad for å skape eit kunnskapsgrunnlag når ein skal utjamne skilnader mellom kjønna i skulen.

Datatilsynet er ueinig i dette og meiner forslaget verken er forholdsmessig eller eigna til å løyse det problemet det er ment å løyse. Når det gjelder om forslaget er eigna, støtter vi oss til fråsegna som har kome frå sentrale forskingsmiljø på området, slik som Universitetet i Stavanger, Senter for tverrfaglig kjønnsforsking, Oslo Met og Utdanningsforbundet. Dei har solid argumentasjon for at dei dataa som er foreslått samla inn ikkje er eigna til forsking på dette feltet, samt at utdanningsfeltet generelt sett er lite høveleg til å verte styrt etter forskingsresultat frå effektstudiar.

I strid med nasjonalforsamlinga

Utvalet foreslår òg å innføre standardiserte kartleggingar av alle fire- og seksåringar sine språklege, numeriske og sosiale ferdigheiter (evne til sjølvregulering). Datatilsynet støttar ikkje dette forslaget.

- Vi må minne om at Stortinget nyleg har fatta demokratiske vedtak som tydeleg understrekar at vurdering og dokumentasjon av kunnskaps- og ferdigheitsutviklinga til einskilde barn ikkje er vurdert til å være en del av oppgåvene til barnehagen, påpeikar Lauvset. - Stortinget er tydelege på at barnehagen sitt heilskaplege læringssyn skal vidareførast, og åtvarar mot ei større vektlegging av barnehagebarn sine prestasjonar og ferdigheiter. Stoltenbergutvalet sitt forslag om å innføre obligatoriske kartleggingar av språk og åtferd er slik i strid med nasjonalforsamlinga sin klare tale.

Les meir

Les heile svaret frå Datatilsynet (Udir.no)

Les andre høyringssvar (Udir.no)