Rapporten arbeidsgruppa la fram i september, ”Alkolås som alternativ til tap av førarrett”, har no vore på høyring, og Datatilsynet har gitt sine kommentarar til korleis tiltaket er planlagt gjennomført.
Dei som vil få tilbod om alkolås, er personar som har problem med alkohol eller andre rusande eller bedøvande middel, og som har fått ein promilledom. Dette er personar som elles ville blitt i dømde til fengsel. Datatilsynet deler derfor vurderinga i rapporten om at deltaking i denne ordninga må vere basert på at dei som får tilbodet er både motiverte og skikka. Ein føresetnad for å delta må vere at personen har samtykka til programmet, som blant anna vil innebere ei obligatorisk legeundersøking kvar sjette månad.
Datatilsynet trur at å oppfylle krava for eit gyldig samtykke vil kunne by på utfordringar, og då kanskje særleg kravet om eit informert samtykke. Tilsynet støttar derfor vurderingane om å lage tydelege samtykkeskjema der det kjem klart fram kva samtykket skal dekkje og korleis opplysningane skal brukast. Det må også kome tydeleg fram at det å gje eit samtykke er frivillig.
Datatilsynet saknar ein nærmare gjennomgang av kva for nokre krav som blir stilt til sikringa av opplysningane som leverandøren av utstyret, i tillegg til alkolåsverkstaden, kjem til å behandle. Dette er sensitive personopplysningar som må behandlast på ein fortruleg og sikker måte slik at ikkje uvedkomande får tilgang til dei. Det vil i denne samanhengen vere naturleg å sjå på krava til kryptering for overføringa av opplysningane.
Tilsynet saknar også ei nærmare drøfting av korleis ordninga hindrar at andre får kjennskap til opplysningane som dei tilsette behandlar. Ei teieplikt for dei tilsette vil vere naudsynleg for å ta vare på grunnleggjande personvernomsyn.
I arbeidet med ordninga framover hjelper Datatilsynet gjerne til med rettleiing rundt korleis ein kan oppnå tilfredsstillande informasjonssikring. Tilsynet gir også gjerne råd om korleis gode samtykkeskjema kan utformast.