Kan fødselsnummer stå på ID- eller adgangskort?

Ei verksemd har svært sjeldan sakleg behov for å ha påtrykt eit ID-kort eller adgangskort. Fødselsdato på ID- og adgangskort er tilstrekkeleg i dei aller fleste tilfelle. Når ei verksemd skal sjekke identiteten eller autorisasjonane til ein kortinnehavar, er det normalt tilstrekkeleg med manuell kontroll av bilete og namn, eller automatisk kontroll av magnetstripe, smartkort eller liknande. Eit kort påtrykt fødselsnummeret gir lita grad av tryggleik, og er upraktisk i forhold til visuell kontroll av identitet eller autorisasjonar.

Les meir om bruk av fødselsnummer.