Innleiing - om rettleiaren

EU si personvernforordning som blir til norsk lov i 2018, gir nye reglar for bransjenormer (kalla atferdsnorm i forordninga). I denne rettleiaren gir vi ei oversikt over desse reglane, ei framstilling av fordelane med bransjenormer, vi går gjennom sentrale trekk ved bransjenormer, og gjer råd om korleis ein går fram for å lage ei slik norm.

Føremålet er å styrke personvernet og gjere det lettare for verksemder – særleg dei mindre – å etterleve personvernregelverket. Målgruppa for rettleiaren er først og fremst aktørar som vurderer å etablere ei bransjenorm.

Denne rettleiaren inneheld ikkje informasjon om kva for innhald reglane i ei bransjenorm skal ha, ut over nokre generelle føringar under kapittel 2. Innhaldet i norma vil avhenge av kva for reglar i forordninga den aktuelle bransjenorma skal dekkje, korleis desse reglane er å forstå og korleis reglane best kan etterlevast i ein konkret bransje.

Les også

Datatilsynet har utarbeidd andre rettleiarar som analyserer krava i forordnina, til dømes:

Desse vil kunne vere nyttige når ein skal lage ei bransjenorm.

Nye personvernregler i 2018

I mai 2018 får Norge og Europa nye personvernregler. Dette vil gi en mye mer helhetlig behandling av folks personopplysninger. Vi har samlet all informasjon om dette på en egen samleside. Der finner dere all informasjon vi har - og siden oppdateres fortløpende.

Nye personvernregler i 2018