EUs personvernreform

Det er berre å venje seg til ordet forordning med det same. I 2018 vil den nye lovgivinga som kjem ut av EU sitt arbeid med personvernreform gjelde også i Noreg.

25. januar 2012 kom EU-kommisjonen med framlegg til ny personvernreform for unionen.

Reforma skulle ha to delar:

  1. ei generell forordning (lov) om vern av personopplysningar ved behandling og overføring av desse, samt
  2. eit direktiv som skal regulere myndigheitenes behandling av personopplysningar i straffesaker.

Som medlem av EØS og deltakar i Schengen-samarbeidet er kommisjonens framlegg til ny personvernlovgjevnad og relevant for Noreg. Den nye forordninga vil gjelde også i Noreg.

Dagens norske personvernlovgjevnad bygger på EUs personverndirektiv frå 1995. Datatilsynet er samd med kommisjonen i at den teknologiske utviklinga dei siste 17 åra tilseier at det er på tide å oppdatere gjeldande personvernlovverk for å sikre at det er tilpassa den digitale tida vi lever i no.

Frå direktiv til forordning

Medan eit direktiv har rom for tolking og opnar for visse nasjonale tilpassingar, gjeld ei forordning i sin originale tekst. Teksten blir per definisjon ei lov i alle medlemsstatar i det ho vert vedteken av EU. Dersom EU endar opp med å erstatte dagens personverndirektiv med ei forordning, slik kommisjonen har foreslått, vil dette redusere norske myndigheiters handlingsrom på personvernområdet.

Datatilsynet er difor svært oppteken av at Noreg tek aktiv del i den pågåande personverndebatten i EU, og ikkje ventar med å engasjere seg til etter at reforma er vedteken.

Les Datatilsynets høringsuttalelse fra 2012

Blei einige i 2015

EU-kommisjonen fremja sitt forslag til lovtekst tidleg i 2012. Parlamentet la til sine endringar i mars 2014. EU-kommisjonen, -parlamentet og -rådet må vedta den same teksten dersom forordninga skal bli vedteke.

Rådet handsama saka i juni 2015. 14. og 15. juni møttest justisministrane frå dei 27 EU-landa for å forsøke å lande nokre overordneda prinsipp for forordninga. I juni vil Rådet få den formelle mandatet til å forhandle med Kommisjonen og Parlamentet. Desse forhandlingane blir kalla trialogen. Dei tre partane blei einige i desember 2015.

Les meir:

EUs arbeid mot ny lov - les Dana Jaedicke på personvernbloggen.no

EU-kommuisjonens temaside om forordningen (ec.europa.eu)