Barns personvern - Artikkel 29-gruppen

Barn har rett til personvern. Korleis skal ein få det til? Dette er temaet i artikkel 29-gruppa sitt arbeidsdokument om barn sitt personvern. Dokumentet ser spesielt på skular.

Artikkel 29-gruppa er eit organ med eit spesielt ansvar for å følgje med på korleis personvernregelverket i EU- og EØS-området blir fulgt opp.

Arbeidsdokumentet tek opp ei rekkje konkrete forhold i tillegg til ein generell gjennomgang av barn sine rettar på området. Spesielt ser gruppa på forhold rundt skulegang; elevregister, kameraovervaking på skular, utlevering og tilgang til elevdata, biometri i skular, helseforhold, bilete av barn og websidene til skulen.

Gruppa meiner lovreglane stort sett er gode nok til å verne barna. Likevel er det ein føresetnad at føresegnene blir brukte i tråd med prinsippet om barnet sin beste. Lovbruken må ta dei mindreårig sin spesielle situasjon med i vurderinga.

Dersom det oppstår interessekonfliktar, kan ein søkje ei løysing ved å tolke personverndirektiva i tråd med prinsippa i barnekonvensjonen til FN.