Kontroll hos Helsereiser AS

Datatilsynet var på kontroll hos Helsereiser AS i februar for å kontrollere at bedrifta handsamer personopplysningar om kundane sine i tråd med krava som vert stilt i personopplysningslova.

Det vart avdekka ei rekkje avvik i kontrollen. Helsereiser AS valde sjølv ein frist for å lukke avvika. Bedrifta må gjennomføre desse pålegga innan 1. desember 2015:

  • Innarbeide rutinar for å ta hand om personars krav om innsyn i verksemdas handsaming av personopplysningar
  • Rutinar for å oppfylle personopplysningslovas reglar om melde- og konsesjonsplikt
  • Utarbeide ei oversikt over handsaming av personopplysningar som vert handsama, formålet med handsaminga og lovgrunnlaget
  • Gjennomføre og dokumentere risikovurderingar av informasjonssystemet
  • Gjennomføre og dokumentere sikkerheitsrevisjonar

Les vedtak og kontrollrapportar her:

Brev om vedtak (pdf)

Endeleg kontrollrapport (pdf)