Kontroll hos Sortland, Øksnes og Hadsel kommunar

Hausten 2014 var Datatilsynet på kontroll hos tre kommunar i Nordland. Tema for kontrollen var informasjonssikkerheit og internkontroll når ein handsamar personopplysningar.

Det vart funne avvik hos to av dei tre kommunane.

Sortland kommune fekk pålegg om å

  • Etablere dokumenterte rutinar for å vareta innbyggjaranes krav til innsyn
  • Etablere dokumenterte rutinar for å vareta innbyggjaranes krav på informasjon
  • Dokumentere rutinar for sletting av personopplysningar

Sortland kommune har no retta opp avvika og saka er lukka.

Øksnes kommune fekk pålegg om å

  • Utarbeide ei oversikt over handsaminga av personopplysningar som viser kva personopplysingar som vert handsama
  • Kommunen må etablere dokumenterte rutinar som sørgjer for innsyn i kommunens handsamingar
  • Kommunen må etablere dokumenterte rutinar som sørgjer for at registrerte personar får informasjonen dei har krav på
  • Dokumentere rutinar for sletting av personopplysningar
  • Kommunen må gjennomføre ei risikovurdering
  • Kommunen må etablere databehandlaravtalar med alle databehandlarane

Hadsel kommune hadde ikkje avvik og fekk difor ingen pålegg.

Les vedtak og kontrollrapportar her:

Brev om vedtak Sortland kommune (pdf)

Endeleg kontrollrapport Sortland kommune (pdf)

Brev om vedtak Øksnes kommune (pdf)

Endeleg kontrollrapport Øksnes kommune (pdf)

Avslutting av sak Hadsel kommune (pdf)

Endeleg kontrollrapport Hadsel kommune (pdf)