VG må slette innhaldet i Nettby

Personvernnemnda har stadfesta Datatilsynets vedtak om at VG skal slette alt materiale frå det nedlagde nettsamfunnet Nettby. Dette skal gjerast etter at VG har overlevert delar av materialet til Nasjonalbiblioteket.

Nettby.no var i si tid Noregs største nettsamfunn med sine over 750 000 registrerte brukarar, og blei i 2009 lagt ned av VG som var eigar. Sidan den gongen har tenesta vore inaktiv og utilgjengeleg for brukarane. Likevel har ikkje VG sletta personopplysningane frå Nettby.

Nemnda støttar Datatilsynet

VG gav to grunnar for å framleis sitje på desse opplysningane. Den fyrste var at dei ville godta ønsker frå brukarar, politi og påtalemakter og andre som i ettertid bad om å få utlevert opplysningane. Den andre var at opplysningane i Nettby har ein allmenn, historisk verdi.

Datatilsynet meinte at desse grunngjevingane ikkje var tilfredsstillande, og gjorde i oktober 2011 eit vedtak om at VG skulle slette personopplysningane frå Nettby. No har Personvernnemnda,  som er klageinstansen for Datatilsynet, kome med eit endeleg vedtak.

Personvernnemnda har stadfesta Datatilsynets vedtak om sletting, men understrekar at dei delane av materialet som er omfatta av pliktavleveringslova, fyrst skal overførast til Nasjonalbiblioteket.

– Eg er tilfreds med at Personvernnemnda støttar vedtaket vårt om at eigarane ikkje kan fortsetje å sitje på personopplysningane etter at eit nettsamfunn er lagt ned, seier Bjørn Erik Thon, direktør i Datatilsynet. – Vi føreset at VG no avklarar dei nærmare forholda med Nasjonalbiblioteket for ei snarleg avlevering av det aktuelle materialet. VG må deretter slette alle personopplysningar frå nettsamfunnet som ligg i systema deira.

Uklar pliktavlevering

– Denne saka aktualiserer igjen behovet for at Kulturdepartementet moderniserer pliktavleveringslova, seier Thon. – Seinast då vi i 2011 fornya ein konsesjon til Nasjonalbiblioteket for innsamling av materiale publisert på Internett, bad vi Kulturdepartementet om å vurdere spørsmålet om pliktavlevering av informasjon som er tilgjengeleg via Internett. Pliktavleveringslova frå 1939 blei sist revidert i 1989, altså før Internett var kjend ut over spesielle forskingsmiljø.

Som også Personvernkommisjonen peikte på i rapporten sin, har mykje av det som blir ytra i elektroniske forum for debatt og i sosiale nettsamfunn mykje meir til felles med munnlege samtalar i private rom, enn den typen dokument lovgivar såg for seg når pliktavleveringslova blei vedteken og seinare revidert. Dersom regelverket ikkje vert endra, må medlemmar av sosiale nettsamfunn vere klare over at det dei publiserer der vil bli oppbevart for ettertida og gjort tilgjengeleg for ein større personkrins enn berre nettsamfunnet sine medlemer. Dette gjeld også for nettsamfunn som krev pålogging.

Last ned:

Personvernnemnda sitt vedtak (pdf)