Tollvesenet får fortsetje kontrollpraksisen

Tollvesenet nyttar valutaregisteret til å kontrollere om privatpersonar har tollbehandla varer kjøpt i utlandet. Datatilsynet sa i 2011 nei til denne praksisen, men vedtaket er no omgjort av Personvernnemnda som gir Tollvesenet medhald.

Privatpersonar blir kontrollerte av Tollvesenet med utgangspunkt i valutaregisteret. Dette registeret inneheld opplysningar om alle grensekryssande økonomiske transaksjonar. Ut frå opplysningane om transaksjonar som ligg fleire år tilbake i tid, ber Tollvesenet privatpersonar om å dokumentere kva for nokre varer transaksjonane knyter seg til, og om dei har tollbehandla varene ved innførsel.

Datatilsynet meinte at Tollvesenets praksis ikkje hadde tilstrekkeleg heimel i lov og derfor måtte stanse. Personvernnemnda var derimot ikkje einig i Datatilsynet sine vurderingar og har oppheva tilsynet sitt vedtak.

Svært vide heimlar

- Avgjerda frå Personvernnemnda stadfestar at Tollvesenet og andre statlege kontrolletatar har svært vide og kraftfulle kontrollheimlar som det er vanskeleg å forstå rekkjevidda av, seier Bjørn Erik Thon, direktør i Datatilsynet. - Som og Personvernnemnda er inne på er det, i lys av ny teknologi, meir enn nokon gong nødvendig med ei gjennomgang av dei lovføresegnene som regulerer tollstyresmaktene sin rett til å gjennomføre kontroll. Vi vil difor ta denne problemstillinga opp med Finansdepartementet.

Personvernnemnda sitt vedtak:
PVN-2011-09 Tollvesenets kontroll av vareførsel (pdf)