Kameraovervaking i Grottebadet

Datatilsynet gjennomførte i november 2012 ein kontroll hos Grottebadet AS i Harstad. Tema for kontrollen var kameraovervaking.

Det blei funne nokre avvik, men to av desse er allereie retta opp av verksemda. Datatilsynet ber difor i varselet om at Grottebadet også rettar opp dei to siste avvika:

  • verksemda må slette unaudsynlege personopplysningar i løysinga for adgangskontroll
  • verksemda må begrense lagringa av opptak som er gjort i våtområda til maksimalt fire døgn

Last ned: