Kameraovervaking av post i butikk

I oktober 2012 kontrollerte Datatilsynet kameraovervaking av post i butikk. Kontrollen var hos Rimi Semsbyen. Datatilsynet fatta vedtak om at opptaka skal slettast etter sju dagar. ICA er ueinig i dette, og saka skal no behandlas i personvernnemnda.

Formålet med kontrollen var å undersøke korleis post i butikktenesta blir kameraovervaka, og korleis opptaka skal handterast.

Usamde om behandlingsansvar

Vi fekk ingen tilbakemelding på den foreløpige kontrollrapporten, så endeleg rapport vart sendt i juni 2013. Vedtaka i rapporten dreidde seg om at ICA må få på plass ei oversikt over alle behandlingar av personopplysningar, sørge for tilfredsstillande informasjonstryggleik og utarbeide rutinar for sletting av bilete. I tillegg til desse punkta sa Datatilsynet at ICA ikkje kunne vere behandlingsansvarleg for kameraovervaking av post i butikktenesta. ICA vart derfor også pålagt å avklare kven som er behandlingsansvarleg for tenesta.

Saka skal behandlast i Personvernnemnda

Verksemda påklaga dei to siste vedtaka, og etter å ha motteke ei utgreiing frå ICA, har Datatilsynet endra vedtaket som sa at ICA ikkje kunne være behandlingsansvarleg. Gjennom dei avtaler som er inngått, er det å drive post i butikk innanfor ICA si verksemd, og dei kan difor kan vere behandlingsansvarleg for tenesta. Samstundes understrekar Datatilsynet at verken ICA eller Posten kan vere behandlingsansvarleg for banktenesta som vert utført i post i butikk. Kontrollsaka med bank i butikk som ligg til behandling i Persovernnemnda vil avgjere kven som kan vere behandlingsansvarleg for denne tenesta.

Sjølv om Datatilsynet har droppa eit av vedtaka, meiner vi at post i butikktenesta hos ICA ikkje er jamstilt med eit postlokale. ICA er ueinig og saka blir difor no sendt til Personvernnemnda.

Last ned:

Oversendingsbrevet til Personvernemnda (pdf)
ICA sine kommentarar til oversendingsbrevet (pdf)