Fyrste vedtak om døde kameraanlegg

BIT Norge AS blei tidligare i år varsla om pålegg dersom dei ikkje fjerna overvakingskameraa frå deira lokale i Oslo City. Datatilsynet har no fått stadfesta at anlegget er fjerna.

I 2010 blei BIT Norge AS varsla om pålegg om anten å avslutte eller å gjere endringar av overvakinga ved BIT Oslo City, då dei blei vurdert som eit inngrep i dei tilsette sitt personvern. Bedrifta velde å avslutta all overvaking. I år gjorde Datatilsynet ein etterkontroll og avdekka at overvakingsutstyret enno var der, sjølv om overvakinga var avslutta. Det blei verifisert at kameraa ikkje var aktive, og at det ikkje skjedde ei løpende lagring av bileta frå kameraa.

Endringar i lovverket

I april trådde nokre endringar i personopplysningslova i kraft. Definisjonen av kameraovervakning vart no utvida til òg å gjelde ”utstyr som lett kan forvekslast med ekte kameraovervakning”. Difor vert BIT varsla om at Datatilsynet ville fatte eit vedtak om st dei måtte fjerne kamerautstyret heilt. Dette er den fyrste kontrollsaka Datatilsynet har behandla som gjeld daude kameraanlegg etter regelverksendringa.

Verksemda har no informert om at dei har fjerna alt overvakingsutstyr og at dei har destruert alle dei gamle opptaka. På grunnlag av dette har Datatilsynet no lukka saka mot BIT.