Ønskjer betre dialog om spesialundervisning

Kunnskapsdepartementet foreslår at føresette skal samtykkje til at PP-tenesta utarbeider tiltak om spesialundervisning for ein elev. Men krav om samtykkje er ikkje tilfelle når skulen gir spesialundervisning..

Dette går fram i ei høyring om endring av opplæringslova og privatskulelova. Departementet ønskjer å betre samarbeidet mellom skulen og dei føresette når det gjeld å vurdera om ein elev treng spesialundervisning.

Datatilsynet meiner departementet har sett opp eit kunstig skilje med omsyn til krav om samtykkje. Det er i dei føresette si interesse å kunne bestemme om barnet treng spesialundervisning, uavhengig av om det er skulen eller PP-tenesta som vurderer dette.

Kan levere ut for mange personopplysningar

I visse tilfelle er det naturleg at skulen samarbeider med PP-tenesta og andre etatar eller verksemder, for best å kunne følgje opp elevar med spesielle undervisningsbehov. I slike samanhengar blir personopplysningar om eleven utleverte mellom instansane.

Datatilsynet meiner at samarbeidet mellom instansane kan definerast betre. Då kan ein forhindre at fleire sensitive personopplysningar enn nødvendig blir utleverte og at opplysningane blir brukt til formål dei ikkje var meinte til. Føresette og elevar bør også involverast meir når utvekslinga skjer.

Skulen må bevise

Departementet ønskjer at provbyrden i mobbesaker skal delast mellom eleven og skuleeigaren, i staden for berre hos eleven, slik det er i dag. Datatilsynet fryktar at ei forskyving av provbyrden i mobbesaker vil føre til at skuleeigarar i enda større grad enn i dag, tar i bruk kartleggingsverkty i den trua at desse kan lagre og dokumentere at alle pliktar etter opplæringslova er oppfylt.

Tilsynet meiner registrering av mobbesaker kan gi ein falsk tryggleik, at det vil vere feil ressursbruk, og at det finst betre måtar å forhindre mobbing på enn å påleggje skulane ei større dokumentasjonsbyrde.

Forslag til endringar i opplæringslova og privatskulelova - høringsfråsegn.