Forslag om naudmeldingssentral for eCall i Noreg (høyringsfråsegn)

Datatilsynet er kritisk til at vegtrafikksentralane til Statens Vegvesen skal ta imot kommunikasjon frå eCall-systemet. Tilsynet meiner naudmeldingane heller bør gå til alarmsentralane.

eCall er ei planlagd alarmteneste for bilulukker i Europa. Formålet med eCall er å få eit 112-basert naudmeldingssystem slik at trafikkulykker kan varslast automatisk frå køyrety til 112-sentralane. 

Best personvern med færre aktørar

Høyringsnotatet frå Samferdselsdepartementet seier at eCall-systemet har å gjere med vegtrafikk, og at systemet dermed kan ha viktig informasjon om trafikken som ikkje vil medføre handsaming av personopplysningar og sensitive data. Datatilsynet merkjer seg at ein her allereie diskuterer om opplysningar som blir innhenta via eCall-ordninga kan brukast til andre formål. Tilsynet har sidan eCall-arbeidet tok til i 2006 sagt at mange både offentlege og private aktørar vil ha interesser som er på sida av det eCall er meint for. 

Må ikkje skli ut

– Det er viktig at det er klart for brukarane at formålet med eCall-systemet er å redde liv. Mange interessentar har også sett føre seg andre formål når det i 2015 blir obligatorisk med både sensorar, kommunikasjonseining (GSM) og mikrofon i alle nye bilar. Av omsyn til personvernet er det viktig at det ikkje skjer ei utgliding i formålet når eCall-systemet blir innført, seier Atle Årnes, fagdirektør i Datatilsynet. 

Skal vurdere situasjonen

eCall skal sørgje for automatisk varsling om personskade ved trafikkulukker. Men det viser seg, blant anna i EUs pilotprosjekt om eCall, at mange av oppringingane ikkje har bakgrunn i personskadar. Sensorar vert utløyste og manuelle eCall-oppringingar skjer utan at nokon er skada. Dette er bakgrunnen for at Samferdselsdepartementet foreslår at vegtrafikksentralane skal ta imot eCall-oppringingane for å vurdere kor alvorleg situasjonen er. Etter vårt syn vil imidlertid personvernet bli best sikra dersom ein ikkje bringer inn tredjepartar som kan ha eigne formål. 

Tilsynet fryktar også at det å la vegtrafikksentralane vere behandlingsansvarlege for personopplysningane som kjem fram i ei eCall-oppringing til 112 kan vere i strid med føresetnadene frå EU. 

Problem med medlytt

Departementet foreslår også at eCall skal varsle fleire vegsentralar i utgangspunktet, for så å kople av dei det ikkje er bruk for. Her blir det tydeleg at mange fleire blir involverte i ein naudsamtale enn det som trengst. Vi meiner dette aukar faren for at sensitive opplysningar blir spreidde.

Datatilsynet konkluderer derfor med at alarmsentralane (AMK) må ha ansvaret for å ta imot 112-baserte eCall-samtalar.

Les heile Datatilsynet si høyringsfråsegn om eCall (pdf, nytt vindu)