Yrkessjåførar får opplysningar om seg registrert og utlevert

Løyvestyresmaktene skal få anledning til å opprette eit register med opplysningar om sjåførar som driv næringstransport.

Dette går fram av eit forslag frå Samferdselsdepartementet om å endre yrkestransportlova.  Forslaget vil innebera innføring av tre EU-forordningar, og gir løyvestyresmaktene heimel til å opprette registeret. Formålet med registeret er mellom anna å effektivisere løyvestyresmaktene sin kontroll med transportnæringa.

Registeret vil omfatte både person- og godstransport. Delar av forslaget frå departementet er ei oppfølging av saka om drosjejuks i Oslo på 2000-talet. Endringa kan til dømes forhindre at ein sjåfør som har mista drosjeløyve sitt i Noreg, får eit nytt løyve i eit anna EØS-land.

Registrering og utlevering av sensitive personopplysningar

Lovendringa gir styresmaktene rett til å registrere sensitive opplysningar om yrkessjåførar. Dei får også anledning til å utlevere opplysningar frå registeret.

Datatilsynet peiker i si høyringsfråsegn på at endringa kan få store konsekvenser for den einskilde sjåfør. Verksemda som får ansvar for registeret, plikter å følge personopplysningslova.

Personopplysningslova stiller strenge krav til forsvarleg sikring av sensitive data. Verksemda som får ansvar for registeret, må også ha rutiner for å sikre at opplysningane i registeret er korrekte til ei kvar tid.

Forslag til endring av yrkestransportlova - høyringsfråsegn (pdf)