Verdipapirregisteret: Forskarar kan få innsyn i opplysningar omfatta av teieplikt

Finansdepartementet foreslår å endre verdipapirregisterlova slik at ein kan gi innsyn i opplysningar som er omfatta av teieplikt når desse skal brukast til forskingsformål.

Tilsette, tillitsvalde og revisor i eit verdipapirregister har teieplikt om det dei i arbeidet sitt får vite om ein person eller eit foretak. Teieplikta har tidligare ikkje vore til hinder for at forskarar kan få innsyn i opplysningane i anonymisert form. Men den teknologiske utviklinga har ført til at det stadig blir enklare å finne fram til kven som skjuler seg bak anonymiserte data. Dette har igjen ført til at ei rekkje forskingsprosjekt har blitt stoppa.

Regjeringa vil leggje til rette for meir forsking og utdanning knytt til verdipapirmarknaden. Dette er bakgrunnen for at Finansdepartementet no foreslår å endre verdipapirregisterlova.

Datatilsynet sine merknadar 

Datatilsynet ser at omsynet til meir forsking og utdanning taler for å endre verdipapirregisterlova, men endringa som er foreslått vil medføre eit inngrep i personvernet til dei registrerte.

 

Datatilsynet saknar ei vurdering av forholdet til reglane og rammene i personopplysningslova og personverndirektivet. Datatilsynet menier også at ein kan ta omsyn til einskilde sitt personvern utan at dette går ut over forskninga.

Last ned:

Høringsfråsegn: Forslag om å gj adgang til innsyn til bruk for forskningsformål i opplysningar som er omfatta av teiingsplikta i verdipapirregisterlova (pdf)