Overføring av elevopplysningar må byggje på samtykke

Utdanningsdirektoratet foreslår at opplysningar om alle elevar på 10. trinn skal overførast frå kommune til fylkeskommune utan at det vert henta inn samtykke frå elevane eller deira føresette. Det bryt med sjølråderetten, meiner Datatilsynet.

Utdanningsdirektoratet understrekar i sitt høyringsbrev at forslaget gjeld personopplysningar som er nødvendige for at fylkeskommunen skal kunne oppfylle sine lovpålagte oppgåver etter opplæringslova.

Samtykke må vere ein hovudregel

Den klare hovudregelen er at ei handsaming av personopplysningar skal byggje på den registrerte sitt samtykke. I høyringsfråsegna minner Datatilsynet om at det i dag vert kravd samtykke når opplysningar skal utleverast frå barnehage til grunnskule, trass i at grunnskulen er obligatorisk. Då er det underleg om ikkje også ungdomsskuleelevar og deira føresette skal få høve til å gje sitt samtykke når opplysningar skal overførast frå grunnskolen til vidaregåande opplæring. Datatilsynet meiner at prinsippet om sjølvråderett over eigne opplysningar burde stå enda sterkare i en slik samanheng.

- Me etterlyser ei grunngjeving frå Utdanningsdirektoratet si side om kvifor elevar og føresette ikkje skal involverast i ei slik avgjerd, seier Bjørn Erik Thon, direktør  i Datatilsynet. - Sidan fylkeskommunen i alle høve er forplikta til å etablere ei kontakt med dei aktuelle elevane for å gi informasjon, ville det vere lite arbeidskrevjande å samstundes be om samtykke til å hente inn dei aktuelle opplysningane.

Det stilles særleg strenge krav til overføring av sensitive personopplysningar. Heller ikkje dette meiner Datatilsynet er godt nok utgreidd.

Opplysningane saka gjeld

Opplysningane det er aktuelt å overføre frå kommune til fylkeskommune er:

a) Fødselsnummer.

b) Halvårsvurderingane med karakter til jul på 10. trinn for den einskilde eleven.

c) Sluttvurderingane til alle elevane, også dei som ikkje søkjer.

d) Namn og fødselsnummer til elevar med sterkt nedsett funksjonsevne.

e) Namn og fødselsnummer til elevar som skal få ei sakkunnig vurdering for ein mogleg søknad til eit særskilt utdanningsprogram.

Det vert presisert i forslaget til forskrift at opplysningane skal oppbevarast utilgjengelege for uvedkomande, og at dei skal slettast straks etter at dei har vore nytta til formålet.

Last ned:

Høyringsfråsegn - Inntak i til videregåande opplæring, Utdanningsdirektoratet