Internettval og elektronisk avkryssing i mantal - høyringsfråsegn

Kommunal- og regionaldepartementet foreslår ei ny forskrift som skal regulere korleis forsøksval over internett skal gjerast. Forslaget skal bidra til å sikre at folk får tillit til ei ny valordning der dei kan stemme via internett.

Departementet foreslår mellom anna at Datatilsynet skal være representert i eit Internettvalstyre. Datatilsynet er positive til å ha ei slik rolle og har nokre kommentarar til utforminga av forskrifta som skal regulere styret sitt arbeid.

Dette kan du lese meir om i Datatilsynet si høyringsfråsegn om forslag til forskrift om internettval og elektronisk avkryssing i mantal ved stortingsvalet 2013.