IKT-standard i helsesektoren vil betre informasjonstryggleiken

Datatilsynet er positive til Helse- og omsorgsdepartementet sitt forslag om å forskriftsfeste krav til IKT-standard i helse- og omsorgssektoren.

Datatilsynet skriv i høyringsfråsegna si at standardisering er nødvendig for å oppnå god informasjonstryggleik når person- og helseopplysningar blir utveksla mellom ulike organ. Det er derfor positivt at det blir etablert ei forskrift om ein IKT-standard for denne sektoren.

Merknader til forslaget

Datatilsynet har enkelte merknader til forslaget. Tilsynet ber departementet om å

  • presisere høvet til å få dispensasjon etter forskrifta
  • konkretisere krava til informasjonstryggleik når det gjeld oppdatering av eit adresseregister

Last ned:

Høyringsfråsegn om forslag til forskrift om IKT-standard i helse- og omsorgssektoren (pdf)