Endringar i universitets- og høgskulelova (høyringsfråsegn)

Kunnskapsdepartementet foreslår å samle reglane om studiestadenes sine høve til å utveksle opplysningar om fusk, utestenging og bortvising av studentar. Datatilsynet meiner at ansvar og formål må presiserast.

Opplysningar om utestenging og bortvising av studentar frå universitet og høgskular blir i dag lagra hos kvart einskild universitet og høgskule. Institusjonane sitt behov for ei sikker og effektiv formidling av slike vedtak til andre studiestader har resultert i utviklinga av eit register for utestengde studentar (RUST). Systemet er planlagt sett i gang 1. januar 2014.

- Vi forstår departementet slik at dei no ønskjer ein heimel for oppretting av RUST, eit register som allereie er utvikla. Då bør dei også presisere at heimelen gjeld registrering av sensitive personopplysningar i systemet, seier juridisk seniorrådgivar Eirin Oda Lauvset i Datatilsynet.

Datatilsynet foreslår også andre presiseringar:

  • Det organet som har ansvar for RUST og dei sensitive opplysningane som blir lagra, må komme fram i lovteksten. For at studentar og andre skal kunne bruke rettane sine må dei vite kven dei skal kontakte når dei til dømes skal be om innsyn i, eller be om sletting eller retting av opplysningar om seg sjølve.
  • Det må gå fram av lovteksten at føremålet med informasjonsutvekslinga er å opplyse institusjonane om vedtak om opptakskarantene, eksamenskarantene og utestenging som har verknad ut over institusjonen vedtaket er fatta hos. 
  • Regler for når vedtak om ein student skal slettast frå registeret, må og gå fram av lovteksten. Sletting er viktig for at studenten skal ha høve til å starte med blanke ark.

Last ned:

Høyringsfråsegn - Forslag til endringar i universitets- og høgskulelova (pdf)