DNA-registeret får nye retningsliner

Riksadvokaten foreslår å endre retningslinene for DNA-identitetsregisteret (DNA-registeret), og åpner for at meir materiale kan registrerast.

Datatilsynet slutter seg til Riksadvokaten si vurdering av at dei foreslåtte edringane er innanfor ramene av straffeprosesslova. Men endringane vil føre til at Folkehelseinstituttet kan behandle biologisk materiale frå og opplysingar om fleire personar enn i dag. Datatilsynet meiner at ein må vente med å åpne for meir registrering til det er klart korleis opplysningane skal handterast. Per i dag er det mellom anna uklart når opplysningane skal slettast.

Folkehelseinstituttet analyserer opplysningar frå DNA-registeret på oppdrag frå KRIPOS. I ein kontroll fann Datatilsynet ut Folkehelseinstituttet hadde lagra opplysningar frå registeret lenger enn det som var avtalt med KRIPOS. Datatilsynet vedtok at Folkehelseinstituttet måtte slette opplysningane frå DNA-registeret. Folkehelseinstituttet klagde på vedtaket og saka er no til behandling hos Personvernnemnda.

Datatilsynet ber Riksadvokaten om å vente med å innføre dei nye retningslinene til denne saka er behandla ferdig.

Last ned:

Nye retningslinjer for registrering i DNA-identitetsregisteret- høyringsfråsegn (pdf)