Adopsjonslova vert endra

Barne- likestillings- og inkluderingsdepartementet foreslår i ei høyring fleire endringar i adopsjonslova. Datatilsynet er positive til forslaget, og meiner det vil betre rettstryggleiken til dei involverte.

Datatilsynet peiker samstundes på at lova må stille strenge krav til at konfidensialiteten og personvernet til potensielle adoptivforeldre blir tatt i vare. Dette er viktig når styresmaktene henter inn og behandlar opplysningar om helse, vandel og andre personlege forhold om personane.

Forslag til endringar i adopsjonslova – Datatilsynets høyringsfråsegn (pdf)