Skan-kontroll si analyse- og varslingsteneste er ulovleg

Delar av AS Skan-kontroll si verksemd bryt med personopplysningslova, avgjorde Datatilsynet i 2013. Seinare gjorde Personvernnemnda om på enkelte punkt i avgjerda.

Sikkerhetsselskapet AS Skan-kontroll samlar inn personopplysningar når dei utfører kontrolltenester for kundane sine. Datatilsynet var i 2013 på eit tilsyn hos selskapet, og fann fleire brudd på personopplysningslova.

AS Skan-kontroll hadde mellom anna nytta opplysningane dei samlar inn på vegne av oppdragsgivarane sine, til ei eiga analyse- og varslingsteneste. Opplysningane blir analyserte, og brukt til å varsle andre verksemder. Opplysningane blir også utleverte til eit anna selskap som gjer bakgrunnssjekk av personar.

Datatilsynet gav opphaveleg Skan-kontroll eit gebyr på 600 000 kroner. Personvernnemnda sette ned gebyret til 400 000 kroner, etter ei vurdering der dei viste til saker det var naturleg å samanlikne med.

Sjå nemnda sine sider for vedtaka etter behandlinga av Skan-kontroll-saka.

Last ned