Kontrollar av bomselskap

Datatilsynet har i løpet av våren 2009 kontrollert behandling av personopplysingar hjå to bomselskap. Kontrollane synte at kundane får for dårleg informasjon om handtering av personopplysingar, og at sletterutinane er mangelfulle.

I kontrollane såg tilsynet nærare på selskapa E18 Vestfold AS og Fjellinjen. Temaet for kontrollen var passeringsopplysingar, det vil seie informasjon om passerande køyrety, bomstasjonen som er passert og tidspunkt for passeringa.

Dårleg informasjon til kundane

Felles for begge desse kontrollane var at kundane ikkje får god nok informasjon. Kva data ein samlar inn i samband med passering, kor lenge kor lenge passeringsdata eller bilete blir lagra, kvar og kor tid bileta blir tekne – blir det ikkje opplyst om.

- For oss var det vanskeleg å seie om dei lagrar opplysingane i fire månadar, fire år eller ti år. Samstundes informerer selskapa heller ikkje om føremålet med lagringa, noko kundane har krav på, seier senioringeniør i Datatilsynet, Atle Årnes.

Opne brukarprofilar på nettet

Tilsynet er også kritiske til sikringa av brukarprofilane til dei 40 000 kundane til E18 Vestfold AS. Tryggleiken ved pålogging til profilen på nett er ikkje bra nok, og mange av kundane kan difor ha ein ubeskytta profil på Internett, som inneheld passeringsdata og andre personopplysingar. Den same problematikken gjeld også for Fjellinjen, sjølv om 180 000 av dei 600 000 kundane her kan ha sikra sin nettprofil.

- Det er overhengande fare for at uvedkomande kan gjennomføre urettmessig overvaking av køyretypasseringar, seier Årnes.

Sletterutinane er ikkje på plass

- Selskapa lagrar passeringsdata i 12 månadar for kundar som betaler på førehand. Datatilsynet meiner dette er for lenge, sidan det ikkje føreligg noko tilfredsstillande føremål for å lagre desse opplysingane så lenge. Vi såg også at ein samla inn fleire personopplysingar enn nødvendig, mellom anna var kamera feilaktig stilt inn slik at ein kunne sjå både førar og passasjer, seier Årnes.

Last ned: