Dopingkontrollar ved Skullerud sportssenter

Skullerud sportssenter ønskte å delta i eit antidopingprogram som inkluderte dopingkontrollar av medlemene til senteret. Datatilsynet godtok ikkje testordninga. Personvernnemnda omgjorde vedtaket.

Antidoping Noreg utarbeidde i 2005 i samarbeid med Norsk Treningssenterforbund eit antidopingprogram som blir tilbode treningssentre. Formålet med antidopingarbeidet er å forhindre helseskadeleg bruk av dopingmidlar. Skullerud Sportssenter er eitt av fleire sentre som har inngått slik avtale med Antidoping Noreg. Deltaking i programmet inkluderer blant anna kurs for dei tilsette, informasjonsmateriell og eit visst tal dopingprøver av medlemene til treningssenteret.

Treningssenteret innhentar samtykke til testing frå det enkelte medlem. Vanlegvis skjer dette ved inngåing av treningsavtale, men samtykke til testing er ikkje noko vilkår for medlemskap. Ved positiv prøve kan treningsavtalen bli sagd opp.

Dopingtesting på treningssentre blei også forsøkt innført i 2000, men blei stoppa av Markedsrådet. Aksept av dopingtest i standardkontraktar utan moglegheit til å reservere seg blei vurdert som eit urimeleg avtalevilkår etter marknadsføringslova § 9a. Forbrukarombodet har vurdert dei nye kontraktane og har ingen innvendingar ettersom det no er lagt opp til eit separat og frivillig samtykke til testing.

Datatilsynet meinte ei frivillig ordning berre ville omfatte personar som likevel ville vere dopingfri. Derfor ville tiltaket ikkje vere godt nok eigna til å løyse det underliggjande problemet, samtidig som det ville vere for inngripande overfor personane som skulle testast. Personvernnemnda vurderer saka annleis. Nemnda meiner at tiltaket er eigna for å oppnå formålet, og at eit dopingprogram på eit treningssenter kan verke haldningsskapande og forhindre medlemer frå å begynne med doping.

Vedtaket til personvernnemnda medfører at Skullerud Sportssenter vil kunne få konsesjon til frivillige dopingtestar. Andre treningssentre som ønskjer å ta i bruk frivillige dopingtestar må også søkje konsesjon.

Datatilsynet vil no vurdere kva vilkår ein konsesjon for dopingkontrollar ved treningssenter må innehalde. Blant anna må vi vurdere kva vilkår som kan sikre frivillig deltaking, sletting, tryggleik rundt analysane og tilstrekkeleg informasjon til mosjonistane.