Melding om behandling av personopplysningar

Når ei verksemd skal registrere eller behandle personopplysningar på annan måte, skal dette meldast til Datatilsynet før behandlinga starter.

Meldinga er meint som ei orientering til Datatilsynet. Meldinga er vanlegvis gyldig i tre år. Dersom personopplysingane framleis blir behandla etter tre år, må du sende ny melding.

Dersom det skal behandlast sensitive personopplysningar vil verksemda derimot ofte måtte søke om konsesjon. Vi ber deg sjekke om du kan melde frå eller om du treng konsesjon før du sender melding til oss. 

Hjelp til utfylling av meldeskjemaet

Kvittering

Når du har sendt meldinga til Datatilsynet, får du ei kvittering på at vi har tatt imot meldinga. Kvitteringa er din dokumentasjon på at du har oppfylt meldeplikta, men det er ikkje ei godkjenning. Du har sjølv plikt til å gjere deg kjent med dei krava som gjeld for den behandlinga du skal gjere.

Merk!  Dersom verksemda har eit eige personvernombod, skal meldinga leverast til ombodet. Det er laga eigne malar for meldingar som skal til personvernombodet.

Melding på papir

Dersom du heller vil fylle ut meldinga på papir kan du laste ned skjema her: