Postlister og treff frå søkjemotorar

Mange av sakene som blir behandla i offentleg sektor gjeld enkeltpersonar, og saksinformasjon kan lett dukke opp når ein søkjer på internett. Kommunar og etatar må verne postlistene sine godt, skal dei sikre personvernet til innbyggjarane sine.

Datatilsynet har sett mange eksempel på at kommunar har publisert personopplysingar som ikkje skulle ha vore tilgjengelege på nett. Nokre av dokumenta har innehalde opplysingar om fødselsnummer, andre er frå enkeltmenneske i krise som har søkt hjelp frå kommunen, andre har vore fullstendige jobbsøknader med skanna attestar og vitnemål. Når glippen er eit faktum, kan konsekvensane vere store for den det gjeld.

Tilpassa tekniske løysingar

Søket må kunne utførast i tilknyting til nettenesta til kommunen, men kommunane må tilpasse dei tekniske løysingane sine slik postlistene ikkje utan vidare blir opp fanga av søkjemotorar. Dei fleste profesjonelle og gode søkjemotorar vil respektere at den tekniske løysinga seier at dokumenta ikkje skal gjennomgåast av søkjerobotar.

Slik Datatilsynet ser det, vil ein slik melding til søkjerobotane utgjere eit minstemål av vern. Nokre tenester vil kunne ha større vernebehov, og for dei må det etablerast betre ordningar.

Stortinget valde å gi den nye offentleglova eit uttrykt formål under behandlinga i 2006. Lova legg vekt på openheit og folk skulle ha høve til å kontrollere opplysingar, men også rettstryggleik, demokratisk medverknad og tilliten til forvaltninga.

§ 1 Formål: ”Formålet med lova er å leggje til rette for at offentleg verksemd er open og gjennomsiktig, for slik å styrkje informasjons- og ytringsfridommen, den demokratiske deltakinga, rettstryggleiken for den enkelte, tilliten til det offentlege og kontrollen frå ålmenta. Lova skal òg leggje til rette for vidarebruk av offentleg informasjon."