Hopp til hovudinnhald

Tips nokon om denne nettsida


Lastar
* Du må skrive inn to gyldige e-postadresser
Ditt tips er sendt
Det oppstod ein uventa feil. Prøv på nytt seinare
Lukk

Melding og konsesjon

Behandling av personopplysningar kan vere melde- eller konsesjonspliktig. Her finn du dei generelle reglane for kva tid du må melde og kva tid du må søkje om konsesjon.

Hovudregelen er at behandling av personopplysingar er meldepliktig og at behandling av sensitive personopplysingar er konsesjonspliktig.

Kva er ei personopplysing, og kva er ei sensitiv personopplysing?

Melde- og konsesjonsplikta gjeld berre behandling av opplysingar som er omfatta av personopplysingslova. Behandling av personopplysingar for private, kunstnariske, litterære eller journalistiske formål fell ikkje under denne lova, og er verken melde- eller konsesjonspliktig.

Melding eller konsesjon?

Meldeplikt vil seie at du orienterer Datatilsynet om at du skal behandle personopplysingar. Datatilsynet får meldinga og registrerer henne i det offentlege meldingsregisteret. Konsesjonsplikta inneber at du må be Datatilsynet om lov til å behandle sensitive personopplysingar.

Om du må melde eller søke konsesjon er avhengig av kva typar opplysingar du skal behandle, til kva formål og på kva for måtar du skal behandle opplysingane.

Les meir her om bruk av personopplysingar til forsking, kvalitetssikring eller i helseregister.

Meldeplikt

Meldeplikt gjeld for behandling av:

  • ikkje-sensitive personopplysingar med elektroniske hjelpemiddel
  • manuell behandling av sensitive opplysingar

Alle meldingane er offentleg tilgjengelege.

Unntak frå meldeplikta

Noen behandlingar av personopplysingar er unnateke meldeplikt. Desse unntaka finn du i personopplysingsforskrifta § 7 II, og det gjeld blant anna

Konsesjonsplikt

Hovudregelen er at behandling av sensitive opplysingar treng konsesjon. Verksemder som behandlar personopplysingar og som driv i telesektoren, bank-, finans- eller forsikringssektoren må òg søkje konsesjon for sine behandlingar. Det same gjeld kredittopplysningsverksemder. Sjå meir i kapittel 4 og kapittel 7 i personopplysingsforskrifta (lovdata.no).

I tillegg kan Datatilsynet avgjere at visse behandlingar treng konsesjon. Dette skjer berre i heilt spesielle tilfelle, og det krev at behandlinga heilt tydeleg vil kunne krenke personverninteresser som veg svært tungt. I vurderinga om konsesjon er naudsynt eller ikkje, skal Datatilsynet ta omsyn til formålet med behandlinga, kva for opplysingar det er snakk om og kor mange opplysingar det er.

Konsesjonar som er gitt av Datatilsynet

Søk konsesjon

Unntak frå konsesjonsplikt

Det er fleire unntak frå konsesjonsplikta. Dei fleste av desse unntaka følgjer av personopplysningsforskrifta kapittel 7, og særlovgiving. Behandlingar berre for kunstneriske, litterære eller journalistiske formål er også unntatt konsesjonsplikt.

Nokre behandlingar er unntatt konsesjonsplikt dersom dei oppfyller bestemde vilkår, men behandlingane skal meldast til Datatilsynet. Dette gjeld:

Stat og kommune

Behandling av personopplysingar i stat eller kommune er unnateke konsesjonsplikta når behandlinga har heimel i eigen lov. Denne typen behandlingar vil likevel vere meldepliktige. Les meir om melde- og konsesjonsplikt i kommunane.

Unnatak frå både konsesjons- og meldeplikt

Nokre behandlingar er unntatt frå både konsesjons- og meldeplikt dersom dei oppfyller bestemde vilkår. Dette gjeld:

  • klientregister
  • kvitvaskingsregister og tilknytta behandlingar av personopplysingar
  • sensitive kundeopplysingar
  • foreiningar sine medlemsopplysingar
  • register over personell
  • domstolanes behandling av personopplysingar
  • elev- og studentopplysningar ved skole og universitet
  • opplysingar om barn i barnehagar og skolefritidsordningar

Sensitive opplysningar som er gitt uoppfordra

Behandling av sensitive opplysingar som er gitt uoppfordra, er unnateke konsesjonsplikt. Når du vurderer om opplysingane faktisk er gitt uoppfordra, må du også sjå på situasjonen dei er gitt i. Dersom systemet eller situasjonen legg opp til at opplysingane skal bli gjevne, blir dei ikkje gitt uoppfordra.

Til toppen