Intern varsling

Kva skal arbeidsgivaren gjere ved varsling?

Arbeidsgivaren skal følgje opp både den som varslar og sjølve varselet, etter arbeidsmiljølova. Denne plikta blir gjerne omtalt som arbeidsgivarens aktivitetsplikt og omsorgsplikt.

Arbeidsgivaren skal:

  • undersøkje, avdekkje, saksbehandle og få slutt på det kritikkverdige forholdet
  • ta vare på varslaren og andre involverte

Grunnleggjande prinsipp for saksbehandlinga, altså korleis arbeidsgivaren bør handtere varsling, er konfidensialitet, habilitet og kontradiksjon.

Omgrep

Medan ein varslar, eller "whistleblower", er eit innarbeidd omgrep, blir ulike nemningar slik som den skulda (den anklagede på bokmål), den omvarsla eller den ansvarlege brukt om den eller dei varselet gjeld. Her vil vi i først og fremst bruke "den skulda" eller "den som er omtalt i varselet2.

Må lage gode, interne rutinar

Arbeidsgivaren har plikt til å lage interne rutinar for varsel etter arbeidsmiljølova § 2 A-6. Rutinane skal mellom anna innehalde framgangsmåten for saksbehandlinga ved mottak, behandling og oppfølging av varselet.

Les Arbeidstilsynets råd til rutinar.

For å sikre ein god, føreseieleg prosess og tillit på arbeidsplassen tilrår Datatilsynet at dei interne varslingsrutinane også omtaler korleis arbeidsgjevaren handterer personopplysningane i sjølve varselet og i oppfølginga av det. På den måten forstår dei involverte på førehand korleis arbeidsgivaren vil handtere eit varsel.

Det er viktig å få fram i rutinane at det ikkje er ein klar hovudregel om at arbeidsgivaren kan skjerme varslarens identitet etter personvernregelverket.

Ulike omsyn 

Reglane om varsling inneheld mange vanskelege avvegingar. På den eine sida står omsynet til varslaren og til at arbeidstakarar framleis skal våge å varsle. På den andre sida står omsynet til at den varselet gjeld, skal kunne forsvare seg og bli behandla rettferdig.

Den som er omtalt i varslet, har i utgangspunktet rett til innsyn i personopplysningane som arbeidsgivaren behandlar om han/henne, og til å gi sin versjon av saka (kontradiksjon). Retten til innsyn og kontradiksjon kan nokre gonger stå i motsetning til konfidensialitetsplikta. 

Personvernforordninga og personopplysningslova er generelle regelverk som gjeld for all behandling av personopplysningar, og tar ikkje omsyn til dei ulike vurderingane som står mot kvarandre i ei varslingssak.

I motsetning til mange andre område innan personvern, inneber varsling om kritikkverdige forhold på arbeidsplassen som regel at rettane til to arbeidstakarar står mot kvarandre: retten til innsyn for den som er omtalt i varselet og retten til personvern for varslaren.

Veileder navigasjon

2. Kva skal arbeidsgivaren gjere ved varsling?