Intern varsling

Intern varsling

Varsling i arbeidslivet er når ein arbeidstakar seier frå om eit kritikkverdig forhold på eigen arbeidsplass. Vi vil her gå gjennom korleis arbeidsgivaren kan handtere intern varsling og personvern.

Innleiing

Det er innhaldet i det dei seier frå om og kven som seier frå, som avgjer om det er eit varsel. Måten arbeidstakaren seier frå på og kva han eller ho kallar det, har ikkje noko seie. Det er ikkje krav til "form", så varselet treng ikkje vere skriftlig.

Vi deler varsling inn i to hovudgrupper:

  1. Intern varsling er at arbeidstakaren seier frå til nokon på sin eigen arbeidsplass, for eksempel næraste leiar, tillitsvald, verneombodet eller personvernombodet.
  2. Ekstern varsling er at arbeidstakaren seier frå til nokon utanfor arbeidsplassen, for eksempel varslar til offentlege tilsyn, slik som Datatilsynet, eller til media.

Du kan lese meir om varslingsregelverket i arbeidsmiljøloven på Arbeidstilsynets nettsider. I denne artikkelen konsentrerer vi oss om intern varsling til ein representant på arbeidsstaden.