Kontroll av elevar

Alle menneske, også barn og unge, har rett til personvern. Når skulen bruker kontrolltiltak, må dette gjerast i tråd med reglane. Kameraovervaking, rustesting og ransaking er dømer på kontrolltiltak i skulen.

Born og unge fortener like mykje respekt for sitt privatliv på sin arbeidsplass som det vaksne arbeidstakarar gjer. Her finn du meir om kva reglar som gjeld for bruk av nokre kontrolltiltak i skulen:

Kameraovervaking

Skular kan bruke kameraovervaking, men det er ulovleg dersom overvakinga skjer heile døgnet. Som hovudregel godtar ikkje Datatilsynet overvaking av område der elevane oppheld seg (til dømes i skulegarden, gangar eller kantina).  Det skal svært mykje til for at overvaking i skuletida vert tillete.

Før kameraovervaking vert teke i bruk må skulen vurdere om kameraovervaking vil hjelpe, og om problemet kan løysast med andre tiltak. Hovudregelen er at kameraovervaking ikkje skal brukast dersom problemet kan løysast, eller risikoen minimerast, gjennom bruk av mindre inngripande tiltak.

Går du på ein skule med kameraovervaking, skal leiinga på skulen kunne gje svar på følgjande:

  • Kva område blir overvaka og når? For å avklare om kameraovervaking er lovleg må ein først finne ut av omfanget av overvakinga. Skulen har plikt til å varsle kva område som vert overvaka gjennom skilting.
  • Kva er formålet med kameraovervakinga? All kameraovervaking må ha eit klart og avgrensa formål. Utan eit klart formål er det umogleg å vite om kameraovervaking er eit akseptabelt tiltak.

Som elev har du rett på å få svar på desse spørsmåla. Dersom du likevel ikkje får svar, eller du meiner skulen driv med ulovleg kameraovervaking, kan du kontakte Datatilsynet for å få hjelp. 

Generell veiledning om kameraovervaking

Rustesting

Dei siste åra er det blitt kjent at at fleire skular krev urinprøver for å avsløre eventuelt rusmisbruk blant elevane sine.

Dersom din skule gjennomfører rustestar, kan det vere greitt å vere klar over følgjande:

  • Rustesting er frivillig
    Rustesting er heilt frivillig og kan berre skje dersom den einskilde elev (og eventuelt føresette) gir eit eksplisitt, informert og frivillig samtykke. Det er skulen som må bevise at eleven har gitt eit slikt samtykke.
  • Ingen forklaringsplikt
    Eleven treng ikkje grunngje kvifor han eller ho ikkje ønskjer å la seg rusteste.
  • Ingen konsekvensar av å seie nei
    Skulen kan ikkje sanksjonere overfor elevar som eventuelt ikkje samtykker til rustesting.
  • Krav i personopplysingslova
    Personopplysningslova stiller krav til korleis skulen behandlar resultata frå eventuelle rustestar. Mellom anna må skulen kunne gjere greie for følgjande: Kva rutinar har skulen for kva som skal oppbevarast og korleis syt ein for at det ikkje blir lagra overskotinformasjon, at testresultata ikkje blir tilgjengeleg for uvedkomande, og at resultata vert slettast når dei ikkje lenger er nødvendige?

Ransaking utan mistanke

I fleire kommunar har det i lengre tid vore vanleg med såkalla førebyggande rusaksjonar der politiet kjem inn i klasseromma med politihundar som snusar på elevar og sekkar. Aksjonane har funne stad utan at nokon er mistenkte for bruk, oppbevaring eller sal av narkotika, og Datatilsynet er blant aktørane som har stilt spørsmål ved lovlegheita.

Om du vert utsett for vilkårlege aksjonar som dette, skal du vere klar over følgjande:

  • Alvorlig inngrep
    Å ransaka elevar, eller å la ein hund undersøke sekken til eleven, representerer eit alvorleg inngrep i elevens private sfære.
  • Skriftleg samtykke
    I eit stortingsvedtak heiter det at politiet må hente inn skriftleg samtykke frå elever før det gjennomførast eventuelle personverninngripande rusaksjonar ved skulane. Er elevane under 16 år må foreldra samtykke.
  • Ingen forklaringsplikt
    Eleven treng ikkje grunngje kvifor han eller ho ikkje ønskjer å la seg rusteste.
  • Ingen konsekvensar av å seie nei
    Skulen kan ikkje sanksjonere overfor elevar som eventuelt ikkje samtykker til rustesting.

Kontroll av IKT-utstyr i skulen

Eksempl på kontrolltiltak kan vere loggføring av elevane sin internettbruk, eller bruk av klassestyringsverktøy som gjer det mulig for læraren å gå inn på elevane sine PC-ar i sanntid.

Skuleeigar kan loggføre internettbruk når formålet er å kontrollere tryggleiken i informasjonssystemet. Skuleeigar må imidlertid passe på å informere elevar og føresette tydeleg om at elevane legg spor etter seg når dei brukar IKT-utstyr på skulen sitt nett. Skuleeigar skal også opplyse om i kva tilfelle desse spora vil bli undersøkte, og om kvifor skulen gjer dette.

Tydeleg informasjon

Bruk av klassestyringsverktøy som gjer det mulig for læraren å gå inn på elevane sine maskiner i sanntid, må vere godkjend av eleven i det enkelte tilfellet. Også for desse verktøya må skuleeigar informere elever og føresette tydeleg om korleis verktøya fungerer, i kva tilfeller dei blir tekne i bruk og kva for regler som gjeld for bruken.