Webansvarleg

Datatilsynet har ledig ei fast stilling som webansvarleg i kommunikasjonsavdelinga. Stillinga inneber spanande prosjektleiaransvar framover.

Samfunnsutviklinga og innføring av ny teknologi gir stadig nye utfordringar for personvernet, men også moglegheiter. For å skape større merksemd om og interesse for personvern, legg vi stor vekt på kommunikasjon som verkemiddel.

Om stillinga

Vi ser no etter ein person som skal ha hovudansvar for utvikling og drift av datatilsynet.no, samt for vår bruk av andre digitale kanalar. Nett no gjer Datatilsynet seg klar til at dei nye personvernreglane trer i kraft i mai, og vår heimeside får nytt innhald. Samstundes jobbar vi med å digitalisere dei ulike tenestene våre. Dette er to prosjekt den nye webansvarlege vil ha ei sentral rolle i. Ansvar for oppfølging av leverandører er også ein viktig del av arbeidet.

Arbeidsoppgåvene består for utan prosjektleiing i å produsere innhald, publisering, innhaldsforvaltning og informasjonsarkitektur på heimesida og i dei andre digitale kanalane. Stillinga er plassert i kommunikasjonsavdelinga, og du vil i ditt daglege arbeid ta del i vårt løpande kommunikasjonsarbeid for verksemda, inkludert pressekontakt.

Kvalifikasjonar

Av formell bakgrunn krev vi høgare utdanning, helst kommunikasjonsfagleg. Du må ha god kompetanse på og erfaring innan nettkommunikasjon spesielt, og ha god skriftleg og munnleg framstillingsevne.

Sidan prosjektleiing vil vere ein del av stillinga, må du kunne planlegge og organisere arbeid, og ha stor gjennomføringsevne. God samfunnsforståing og spesiell interesse for personvern og kommunikasjonsteknologi er sjølvsagt ein fordel. Våre medarbeidarar jobbar dessutan i grupper, og du vil ha jamleg kontakt med desse. Du må derfor kunne samarbeide med ulike profesjonar.

Av personlege eigenskapar ser vi etter ein person med stor arbeidskapasitet. Du må vere initiativrik, nøyaktig, sjølvstendig, strukturert og analytisk. Du bør også vere god på å byggje relasjonar.

Kva kan vi tilby deg?

Vi har eit interessant, tverrfagleg, dynamisk og særdeles hyggeleg arbeidsmiljø. Du vil få jobbe med kompetente kollegaer på ein arbeidsplass som ligg sentralt i Oslo sentrum. Du vil dessutan få høve til å byggje solid kunnskap gjennom spanande oppgåver på eit utfordrande og viktig arbeidsområde.

Dette er ei fast stilling som rådgjevar/seniorrådgjevar. Lønnsplassering er kr. 508 800-700 000. Vi tilbyr gode pensjons‑, forsikrings- og låneordningar gjennom medlemskap i Statens pensjonskasse.

Kontaktinformasjon

Spørsmål om stillinga kan rettast til kommunikasjonsdirektør
Janne Stang Dahl.

Søknad med CV, vitnemål og attestar sendast innan 6. mars 2018 til , eller til Datatilsynet, Postboks 8177 Dep., 0034 Oslo. Merk søknaden med «Søknad på stilling som webansvarleg».

Vi ser på mangfald som ei styrke for arbeidet vårt. Vi oppmodar derfor alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uavhengig av alder, kjønn, funksjonshemming, seksuell orientering, religion og etnisk bakgrunn.

Merk at offentleg søkjarliste vil bli gjort tilgjengeleg for alle som ber om innsyn. Merk også at det ikkje vil bli gitt individuell tilbakemelding på status i søknadsprosessen, men at det vil bli lagt ut informasjon om status på denne statussida.