Juridiske rådgivarar

I 2018 vert den nye personvernforordninga frå EU innført i norsk rett. Datatilsynet får dermed fleire nye oppgåver. Vi ser difor etter to juristar for fast tilsetjing. Det er òg mogleg at det vert ledig ei eller fleire mellombelse stillingar.

Om stillingane

I Datatilsynet kjem du mellom anna til å arbeide med juridisk sakshandsaming, førehandsdrøftingar, prinsipielle juridiske spørsmål, tilsyn, utgreiingar og føredrag.

Kvalifikasjonar

Vi ser etter ein person med stor arbeidskapasitet, og som arbeider sjølvstendig, effektivt, strukturert og analytisk. Du må ha juridisk embetseksamen eller mastergrad i rettsvitskap. Vi vektlegg erfaring frå arbeid med personvern, men det er ikkje eit krav. Det er ein fordel om du kjenner til EØS-retten frå før. Kjennskap til personvernforordninga trekk òg opp. Du må dessutan vere flink til å ordleggje deg skriftleg og munnleg, både på norsk og engelsk.

Kva vi kan tilby deg

Vi har ledig to faste stillingar, men det kan òg hende at det vert ledig ei eller fleire mellombelse stillingar. Lønnsplasseringa er frå kr. 430 000 til 550 000. Vi tilbyr gode pensjons‑, forsikrings- og låneordningar gjennom medlemskap i Statens pensjonskasse.

Vi har eit tverrfagleg, dynamisk og hyggjeleg arbeidsmiljø. Du vil få jobbe med kompetente kollegaer på ein arbeidsplass som ligg midt i Oslo sentrum. Du vil dessutan få høve til å byggje solid kunnskap gjennom spanande oppgåver på eit utfordrande, aktuelt og viktig arbeidsområde.

Kontaktinformasjon

Søknad med CV, vitnemål og attestar sendast innan 13. april 2018 til , eller til Datatilsynet, Postboks 8177 Dep., 0034 Oslo. Merk søknaden med «Søknad på stilling som jurist».

Vi ser på mangfald som ein styrke for arbeidet vårt. Vi oppmodar av den grunn alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uavhengig av alder, kjønn, funksjonshemming, seksuell orientering, religion og etnisk bakgrunn.

Merk at offentleg søkjarliste vil bli gjort tilgjengeleg for alle som ber om innsyn. Vi har ei eiga statusside der du kan halde deg oppdatert undervegs i rekrutteringsprosessen.

Spørsmål om stillingane kan rettast til avdelingsdirektør Jørgen Skorstad på telefonnummer 22 39 69 24 eller e-post .