Kontroll av elevar

Alle menneske, også barn og unge, har rett til personvern. Når skulen tar i bruk kontrolltiltak, må dette gjerast i tråd med reglane. Kameraovervaking, rustesting og ransaking er dømer på kontrolltiltak i skulen.

Born og unge fortener like mykje respekt for privatlivet på sin arbeidsplass som det vaksne arbeidstakarar gjer. Her finn du meir om kva reglar som gjeld for bruk av nokre kontrolltiltak i skulen.

Kameraovervaking

Skular kan bruke kameraovervaking, men det er ulovleg dersom overvakinga skjer heile døgnet. Som hovudregel godtar ikkje Datatilsynet overvaking av område der elevane oppheld seg (til dømes i skulegarden, gangar eller kantina). Det skal svært mykje til for at overvaking i skuletida vert tillete.

Før kameraovervaking vert teke i bruk må skulen vurdere om kameraovervaking vil hjelpe, og om problemet kan løysast med andre tiltak. Hovudregelen er at kameraovervaking ikkje skal brukast dersom problemet kan løysast, eller risikoen minimerast, gjennom bruk av mindre inngripande tiltak.

Går du på ein skule med kameraovervaking, skal leiinga på skulen kunne gje svar på følgjande:

  • Kva område blir overvaka og når? For å avklare om kameraovervaking er lovleg må ein først finne ut av omfanget av overvakinga. Skulen har plikt til å varsle kva område som vert overvaka gjennom skilting.
  • Kva er formålet med kameraovervakinga? All kameraovervaking må ha eit klart og avgrensa formål. Utan eit klart formål er det umogleg å vite om kameraovervaking er eit akseptabelt tiltak.

Som elev har du rett på å få svar på desse spørsmåla. Dersom du likevel ikkje får svar, eller du meiner skulen driv med ulovleg kameraovervaking, kan du kontakte Datatilsynet for å få hjelp. 

Generell veiledning om kameraovervaking

Rustesting og ransaking

Nokre elevar opplever at skulen krev urinprøver for å avsløre eventuelt rusmisbruk blant elevane sine. Nore skular driv også med såkalla førebyggande rusaksjonar der politiet kjem inn i klasseromma med politihundar som snusar på elevar og sekkar sjølv om dei ikkje er mistenkte for noko. Dersom din skule gjennomfører slike aksjonar, kan det vere greitt å vere klar over følgjande:

  • Det kan kjennast særs inngripande å bli beden om å ta ein rustest. Ein rustest kan vere ei helseopplysning, og det vert stilt strenge krav til dei som skal samle inn og bruke helseopplysningar.
  • Skulen må som utgangspunkt kunne vise til ein lovheimel for å kunne krevje ein rustest eller gjennomføre ransakingar. Til dømes må ein ha heimel i arbeidsmiljølova dersom ein ønskjer å rusteste tilsette. Vi kjenner ikkje til ein slik heimel for skulane.
    Les om sanksjonar på udir.no
  • Mange skular seier at dei hentar inn samtykke frå elevane. Men elevane vil ofte kunne føle seg pressa til å samtykke for å reinvaske seg, og ein kan hevde at det er eit ujamt styrkeforhold mellom skulen og eleven. Å teste positivt kan også føre til negative konsekvensar for elvane i form av stigmatisering eller tiltak frå skulen si side. Ein kan i så fall ikkje kalle samtykket frivillig. Samtykke er difor ikkje eit egna verkemiddel i slike tilfelle.
  • Eleven treng ikkje grunngje kvifor han eller ho ikkje ønskjer å la seg rusteste eller undersøke.
  • Det er skulane som er ansvarlige for å følgje regelverket, og som må kunne vise til at dei har lov til å be om rustest eller undersøke elevane.

Kontroll av IKT-utstyr i skulen

Andre eksempel på kontrolltiltak kan vere loggføring av elevane sin internettbruk, eller bruk av klassestyringsverktøy som gjer det mulig for læraren å gå inn på elevane sine PC-ar i sanntid.

Skuleeigar kan loggføre internettbruk når formålet er å kontrollere tryggleiken i informasjonssystemet. Skuleeigar må imidlertid passe på å informere elevar og føresette tydeleg om at elevane legg spor etter seg når dei brukar IKT-utstyr på skulen sitt nett. Skuleeigar skal også opplyse om i kva tilfelle desse spora vil bli undersøkte, og om kvifor skulen gjer dette.

Tydeleg informasjon

Bruk av klassestyringsverktøy som gjer det mulig for læraren å gå inn på elevane sine maskiner i sanntid, må vere godkjend av eleven i det enkelte tilfellet. Også for desse verktøya må skuleeigar informere elever og føresette tydeleg om korleis verktøya fungerer, i kva tilfeller dei blir tekne i bruk og kva for regler som gjeld for bruken.