Personvern og rusaksjonar i Osloskulen

Elev- og lærlingombodet i Oslo, Sigve Indregard, tok i eit innlegg i Dagbladet laurdag 4.februar opp viktige innvendingar mot rusaksjonar i Osloskulen.

Dersom det er slik at politiet kjem på umeldte besøk i klasserommet, for så å be elevane om samtykke til å bli ransaka, sjølv om dei ikkje er mistenkt for noko kriminelt, er dette problematisk på fleire måtar.

EIT GYLDIG samtykke skal normalt vere frivillig, informert og uttrykkeleg. Det er ikkje vanskeleg å vere samd med Indregard i at ein elev vil kunne føle seg pressa til å la seg ransake, sjølv om han eller ho ikkje har noko å skjule. Mange vil oppfatte eit spørsmål om ransaking frå uniformert politi som ein plikt, og ikkje som eit tilbod det er heilt legitimt å avslå.

I tillegg vil det i ein klasseromsituasjon alltid vere eit usynleg press frå tilstedeverande medelevar
og lærarar.

EIN KAN JO BERRE tenke seg kva det vil krevje av ein elev å seie nei til å bli ransaka av omsyn til eigen personlege integritet dersom alle andre i klassen har sagt ja, og læraren følgjer nøye med på kva du bestemmer deg for.

ELEVARS RETT til integritetsvern blei og teke opp av Personvernkommisjonen i 2009. I kommisjonens rapport står det mellom anna at elevar skal ikkje ha dårlegare vern mot inngripande kontrolltiltak enn det arbeidstakarar har, og at samtykke frå elevane er tvilsamt som rettsleggrunnlag.

Spørsmålet som Indregard stiller i innlegget sitt, om ein ville ak-septert rusaksjonar som dei ein
har i Osloskulen i det ordinære arbeidslivet, er difor svært relevant.

DATATILSYNET meiner den praksisen som elevombodet i Oslo skildrar vanskeleg kan sikre kravet til frivilligheit når politiet hentar inn samtykke frå elevane ved rusaksjonar i skulen. Vi er difor spent på korleis politiet og Oslo kommune kjem til å svare kritikken frå elevombodet. På eige initiativ vil Datatilsynet ta opp politiets praksis med innhenting av «frivillig» samtykke med justisdepartementet.

(Innlegg i Dagbladet måndag 20.02.2012)