Lindstrand Trading AS får overtredelsesgebyr

Datatilsynet har vedteke at Lindstrand Trading AS får eit gebyr på 100 000 kroner for til saman fire kredittvurderingar av enkeltpersonar og enkeltpersonføretak utan rettsleg grunnlag.

Gebyret kjem etter klage frå ein person som opplevde å bli kredittvurdert utan nokon form for kundeforhold eller anna tilknyting til Lindstrand Trading.

Personvernforordninga krev at all behandling av personopplysningar har eit rettsleg grunnlag. Kredittopplysningar er ein type personopplysning som er særleg viktig å verne.

- Sidan ei kredittvurdering inneheld detaljar om privatøkonomi, kan ein oppleve det krenkande når ei verksemd nyttar opplysningane utan lov, seier juridisk rådgivar Ole Martin Moe.

Direkte knytt til eigarens privatøkonomi

Kredittopplysningar om eit enkeltpersonføretak er òg personopplysningar, då eigaren blir direkte identifisert med føretaket og dette er direkte knytt til eigarens privatøkonomi. Det inneber at ein må ha rettsleg grunnlag for å kredittvurdere enkeltpersonføretak.

Ei kredittvurdering er ei samanstilling av personopplysingar frå mange ulike kjelder, og anslår kor truleg det er at ein person vil kunne betale for seg. Ei kredittvurdering vil òg vise detaljar frå privatøkonomien til enkeltpersonar, slik som eventuelle betalingsmerknader, gjeldsgrad og om vedkomande har pantstilt noko.

Les meir om kredittvurdering og personvern

Ser alvorleg på denne typen regelbrot

Datatilsynet vurderer det slik at kredittvurderingane har skjedd for private føremål heilt utanfor verksemdas forretningsområde. På bakgrunn av dette har vi konkludert med at kredittvurderingane blei gjennomført utan at kravet til rettsleg grunnlag i personvernforordninga var oppfylt.

- Vi får generelt mange klagar som gjeld kredittvurderingar, og vi ser at mange verksemder ikkje kan reglane godt nok. Vi ser alvorleg på denne typen saker, og reagerer normalt med gebyr for slike lovbrot, avsluttar Moe.

Lindstrand Trading AS har klaga på vedtaket om pålegg og gebyr.

Last ned