Datatilsynet har på bakgrunn av eit varsel sett i gang ei gransking av behandlinga av personopplysningar hos BKP.
Etter det Datatilsynet har fått opplyst frå BKP, har det blitt sendt statistikk i tidsperioda mellom 2000 og 2015. Forholda omfattar rundt 1000 personar.
Det følgjer av personopplysningslova at ein ikkje kan nytte overtredelsesgebyr på forhold som er eldre enn 5 år. Datatilsynet er likevel kritisk til det som fremstår som ei rutinemessig utlevering av helseopplysningar utan rettsleg grunnlag, og reagerer difor med eit varsel om irettesetting.
Datatilsynet vil understreke at dette er eit foreløpig varsel. Endeleg vedtak vil bli fatta når vi er ferdige med å handsame saka og eventuelle ytterlegare synspunkt frå BKP er vurderte.
Last ned
Varsel om irettesettelse til BKB (pdf)