Den nye lova skal erstatte tre lover for pengespel: lotterilova, pengespellova og totalisatorlova. Eitt av hovudformåla med lovforslaget er å førebyggje speleproblem. Eitt av verkemidla er å gje einerettsaktørane rett til å «registrere, analysere og følge opp kundenes spillatferd». Einerettsaktørane er i dag Norsk Tipping og Norsk Rikstoto.
Behov for meir presise reglar
Norsk Tipping kartlegg allereie i dag spelemønsteret, og Datatilsynet synst det er bra at dette no blir lovregulert. Vi peiker på behovet for enda meir presise reglar om korleis einerettsaktørane behandlar opplysningar om spelåtferd. Det er viktig at spelarane får tydeleg informasjon på førehand, for eksempel om kor lenge opplysningane blir lagra og om opplysningane kan bli utlevert til andre.
Vi er også opptatt av at opplysningane om spelemønster kan vere veldig avslørande for spelarane. Opplysningar om når, kvar og kor mykje pengar ein spelar bruker på pengespel kan gi informasjon om den økonomiske situasjonen for spelaren og ein peikepinn på om spelaren er speleavhengig. Personvernreglane stiller strenge krav til korleis verksemdene skal behandle denne typen opplysningar. Datatilsynet ønskjer at desse strenge krava blir tatt inn i pengespellova eller forskrifter.
Les høringen og flere høringssvar (regjeringen.no)
Last ned
Høyringssvar til ny pengespellov (pdf)