Vart høyrd på innspel til hastehøyring

I ei hastehøyring foreslo Arbeids- og velferdsdepartementet ei forskrift for å effektivisere NAV si sakshandsaming i samband med covid-19-pandemien. I den endelege forskrifta har departementet tatt omsyn til fleire av innspela våre.

I høyringssvaret kritiserte vi fleire sider ved utkastet som gjaldt ei midlertidig forskrift om tiltak. Det var mellom anna foreslått at NAV skulle kunne hente inn og lagre samtlege inntektsopplysningar om alle landets innbyggjarar frå Skatteetaten – uavhengig av om ein hadde søkt om ytelse/tjeneste frå NAV. Vi meinte at forslaget ikkje var forholdsmessig, og i strid med prinsippet om dataminimering. Vi skreiv at denne delen av forslaget ikkje burde innførast.

Ifølgje forslaget skulle dessutan forskrifta vare så lenge som NAV har uvanleg høg saksinngang eller lang sakshandsamingstid grunna covid-19-pandemien. Etter vårt syn var dette altfor uklare kriterium, og vi foreslo at forskrifta burde vere tidsavgrensa med ei varigheit på til døme seks månadar.

I den endelege forskrifta, som trådte i kraft 29. april, har departementet teke omsyn til fleire av innspela våre. Forslaget om å gje NAV moglegheit til å hente inn fullstendege inntektsopplysningar om alle innbyggjarane er ikkje teke med vidare. Forskrifta er også gjort tidsavgrensa, og varigheita er sett til 31. desember 2020.

Les forskrifta på lovdata.no