Forslag til ny forvaltningslov må moderniserast meir

Datatilsynet har gitt høyringsfråsegn til Justis- og beredskapsdepartementet om ny forvaltningslov. Vi meiner forslaget ikkje har utreda personvernkonsekvensane i tilstrekkeleg grad. Reglane møter heller ikkje utfordringane ei digital forvaltning vil medføre, på ein tilfredsstillande måte. 

- Eit godt personvern er ein grunnleggjande føresetnad for rettstryggleik og effektivitet i ei digital forvaltning. Vi må kunne vere trygge på at opplysningane som vert delte og som dannar grunnlag for avgjerdene i forvaltninga, er korrekte. Det er viktig for å ta vare på tilliten til offentlege tenester, seier direktør i Datatilsynet, Bjørn Erik Thon.

Må fastsetje grunnleggjande prinsipp for å sikre eit godt personvern

I tråd med regjeringa sin digitaliseringsstrategi, opnar lovforslaget for auka deling av opplysningar mellom forvaltningsorgan og automatiserte prosessar. Det utfordrar personvernet. I høyringsfråsegna vert det difor lagt vekt på at den einskilde sine rettar må takast vare på, og at den nye loven må fastsetje grunnleggjande prinsipp for korleis opplysningar kan delast og korleis automatiserte system må utformast.

- Ei god og trygg digital forvaltning må byggjast frå botn av med sentrale personvernprinsipp som grunnmur. Eit fokus på vurdering av personvernkonsekvensar og innebygd personvern tidlig i utviklingsprosessane, vil bidra til ei meir effektiv forvaltning og økt rettstryggleik for den einskilde, seier Thon.

Plikt til å rådføre seg med Datatilsynet

Ved innføring av nytt lovverk som inneber høg risiko for personvernet, og spesielt ved innføring av ny teknologi, skal det gjennomførast ei vurdering av personvernkonsekvensar og Datatilsynet skal konsulterast på førehand. Det er plikter som følgjer av personvernforordninga og EØS-avtala.

- Datatilsynet ønskjer å bidra til ei effektiv digital forvalting som også tek vare på folk sine rettar, avsluttar Thon.

Les hele høringsforslaget til ny forvaltningslov og alle høringssvarene på regjeringen.no

Last ned

3