Uklart om utlevering av informasjon frå psykisk helsevern

Eit lovforslag som skal sikre at påtalemakta får naudsynte opplysingar for å vurdere om det skal dømmast tvunge psykisk helsevern er skjemma av uheldig ordlyd.

Eit forslag til endring i psykisk helsevernlova §5-6 første ledd har til formål å gi rom for at også fagfolk som tidlegare har hatt eit ansvar for sikta personar kan gi informasjon til påtalemakta. Det er behov for dette fordi den sikta personen ikkje alltid er pasientar i det psykiske helsevernet på det tidspunktet undersøkingane for saka deira finn stad.

Kva med forvaringsfangar?

Problemet med ordlyden er blant anna at punktet i lova også vil gjelde der det er spørsmål om forvaring skal forlengast, står det i Datatilsynets høyringssvar. Etter vårt skjønn er det i desse tilfella ikkje klart kven som skal gi den naudsynte informasjonen når personen det gjeld allereie er domfelt og i fengsel.

Burde vore ein eigen regel

Datatilsynet forstår intensjonen bak lovforslaget, men vi meiner forslaget er for uklart. Det hadde vore betre med ein eigen regel for tilgang til helseopplysingar i alvorlege straffesaker, i tilfeller det er spørsmål om personen er tilrekneleg og det er aktuelt med bruk av særreaksjonar som forvaring eller tvunge psykisk helsevern.