To nye rettleiarar for personvernsarbeidet

Målet med dei to rettleiarane frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet er å gjere informasjonen om regelverket enklare og betre, og at verksemdene skal ha gode rutinar for handsaming av personvernet.

Rettleiar om informasjonsplikt og innsynsrett

Rettleiaren om informasjonsplikt og innsynsrett skal hjelpe til å sikre god informasjon for innbyggjarane og dei registrerte om dette. Rettleiaren seier også noko om korleis handsaming av personopplysningar går føre seg i offentlege verksemder .

Innsynslogg

Etter fleire oppslag i media om journalsnoking ynskjer regjeringa å gjere offentlege registre sporbare. Basert på desse føringane har Kommunal- og moderniseringsdepartementet utarbeidd retningsliner for korleis offentlege og private verksemder bør logge oppslag i registera. Mellom anna får verksemdene råd om ulike måtar dei kan gje dei registrerte innsyn i kven som har sett på opplysningane deira.